Jakob I av Skottland
Jakob I (fødd kanskje 25. juli 1394, d. 21. februar 1437 ) var konge av Skottland frå 4. april 1406 til han døydde.[1] I perioden frå 1406 til 1424 var han berre nominell konge.
Han var fødd på Edinburgh Castle, og var son av Robert III av Skottland og Annabella Drummond.[2] I 1402 svalt den eldre broren hans David i hel, eller blei drepen, i fengsel i Falkland.[3] Før far hans døydde i 1406 blei han send til Frankrike av tryggleiksgrunnar.
Under reisa til Frankrike blei prinsen tatt til fange av engelskmennene, og overlevert til Henrik IV. Den engelske kongen kravde ein løysesum for han. Robert III skal etter det som blir sagt ha døydd av sorg over at sonen var teken. Då Robert døydde blei broren hans Robert Stewart, 1. hertug av Albany regent. Han skunda seg i ikkje i det heile med å betala løysepengane for nevøen sin. Han var likevel rask med å sikra lauslatinga av sonen sin Murdoch, som var tatt til fange under slaget ved Homildon Hill. Jakob blei sitjande i fangenskap i England dei neste atten åra. Henrik IV lét han få rimeleg gode forhold, mellom anna på Windsor Castle og ulike herregardar utanfor London. Guten fekk òg ei utdanning medan han sat i fangenskap. Forskarar meiner at han i den perioden skreiv verket The Kingis Quair, ein allegorisk romanse som blir rekna som eit av dei tidlegaste store verka i skotsk litteratur.
Då onkelen døydde i 1420 blei løysesummen på 40 000 pund endeleg betalt, og i 1424 kunne Jakob endeleg venda heim til Skottland, eit land i kaos. Han hadde med seg ei dronning. Under fangenskapet hadde han falle for Joan Beaufort, ei kusine av Henrik VI, og 2. februar 1423 gifta han seg med henne i London. Paret fekk i løpet av dei neste åra åtte barn, mellom dei den framtidige kong Jakob II, og Margaret Stewart, som gifta seg med den franske dauphinen Ludvig, seinare Ludvig XI av Frankrike.
Den 2. eller 21. mai 1424 blei Jakob formelt krona til konge av Skottland i Scone Abbey. Han tok straks skritt for å retta opp igjen kongeleg autoritet og kontroll. Blant tiltaka hans var avrettinga av fleire medlemmer av Albany-familien. Murdoch, som hadde arva hertugtittelen, blei avretta med to av sønene sine på Castle Hill i Stirling den 24. mai 1425.
Jakob styrte landet med fast hand, og gjennomførte fleire økonomiske og juridiske reformer. Mellom anna sørgde han for at skotsk valuta berre kunne vekslast med annan valuta innanfor landegrensene, av omsyn til utanrikshandelen. Han freista òg å reformera det skotske parlamentet etter modell av det engelske. Utanrikspolitisk var eit av dei største grepa hans å avskaffa den såkalla Auld Alliance, den skotsk-franske alliansen med brodd mot England. Dette skjedde i 1428.[4]
Sjølv om metodane hans var effektive skapte dei òg fiendar for Jakob. Mot slutten av regjeringstida hans førte dette til at det oppstod tvil om kravet hans på trona. Bestefaren hans, Robert II, hadde vore gift to gonger. Det første ekteskapet, med bestemora til Jakob Elizabeth Mure, var vanskeleg, og det var tvil om i kva grad det var gyldig. Det oppstod ein konflikt mellom etterkommarar frå det fyrste ekteskapet som kanskje var uektefødde, og dei frå det andre ekteskapet, som garantert var ektefødde. 21. februar 1437 nådde striden nye høgder då ei gruppe skottar leidde av Robert Graham drap Jakob i Preikebrør-klosteret i Perth. Kongen freista å rømma gjennom kloakken, men kunne ikkje koma seg ut fordi han hadde fått den andre enden murt att for å unngå at ballar frå tennisbanen forsvann der.
I mars 1437 følgde ei rekke avrettingar av personar som hadde deltatt i komplottet.[5] Blant dei avretta var onkelen til Jakob, Walter Stewart, 1. jarl av Atholl, og barnebarnet hans Robert Stewart, Master of Atholl. Desse var begge etterkommarar frå det andre ekteskapet til Robert II.[6]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jakob I av Skottland» frå Wikipedia på bokmål, den 4. september 2022.
- ↑ Weir, Britain's Royal Families, p. 232
- ↑ Brown, James I, p. 9
- ↑ Boardman, David Stewart, Duke of Rothesay ODNB
- ↑ Brown, James I, pp.109–10
- ↑ Brown, James I, pp. 197–8
- ↑ Brown, Atholl and the death of James I, p. 43
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Barrow, G. W. S. (2003), The Kingdom of the Scots, Edinburgh: Edinburgh University Press, ISBN 978-0-7486-1802-6
- Barrow, G. W. S. (2004), Stewart family (per. c.1110–c.1350), Oxford Dictionary of National Biography 1 (online utg.), Oxford University Press, doi:10.1093/ref:odnb/49411, henta 11 October 2010
- Boardman, Stephen (2007), The Early Stewart Kings: Robert II and Robert III, 1371–1406, The Stewart Dynasty in Scotland Series, Edinburgh: John Donald, an imprint of Birlinn Ltd, ISBN 978-1-904607-68-7
- Boardman, S. I. (2004), Stewart, David, duke of Rothesay (1378–1402), Oxford Dictionary of National Biography 1 (online utg.), Oxford University Press, doi:10.1093/ref:odnb/26468, henta 12 June 2010
- Boardman, S. I. (2004), Stewart, David, first earl of Strathearn and first earl of Caithness (b. in or after 1357?, d. 1386?, Oxford Dictionary of National Biography (online utg.), Oxford University Press, doi:10.1093/ref:odnb/54325, henta 17 November 2013
- Broun, Dauvit; Reid, Norman H; Boardman, Steve; Lynch, Michael; Wormald, Jenny (2007), «Kingship», i Lynch, Michael, > The Oxford Companion to Scottish History (Oxford Reference Online utg.), Oxford: Oxford University Press, ISBN 9780199234820
- Brown, Michael (1994), James I, East Linton, Scotland: Tuckwell Press, ISBN 978-1-86232-105-2
- Brown, M. H. (2004), James I, Oxford Dictionary of National Biography (online utg.), Oxford University Press, doi:10.1093/ref:odnb/14587, henta 16 May 2010
- Brown, M. H. (2004), Stewart, John, third earl of Buchan (c.1380–1424), Oxford Dictionary of National Biography (online utg.), Oxford University Press, doi:10.1093/ref:odnb/14587, henta 30 June 2010
- Brown, M. H. (2004), Stewart, Murdoch, second duke of Albany (c.1362–1425), Oxford Dictionary of National Biography (online utg.), Oxford University Press, doi:10.1093/ref:odnb/14587, henta 30 June 2010
- Brown, M. H. (1996), «I have thus slain a tyrant – The Dethe of the Kynge of Scotis and the right to resist in early fifteenth-century Scotland», Innes Review 47 (SPRING 1996): 24–44, ISSN 1745-5219, doi:10.3366/inr.1996.47.1.24.
- Brown, Michael H. (1992), «That Old Serpent and Ancient of Evil Days: Walter, Earl of Atholl and the Death of James I», The Scottish Historical Review 71 (No. 191/192. Parts 1 & 2 Apr – Oct. 1992): 23–45, JSTOR 25530532
- Cowan, Samual (1904), The Ancient Caspital of Scotland, London: Simpkin, Marshall, Hamilton, Kent & Co
- David, Charles Wendell (1920), Robert Curthose, Duke of Normandy, London: Humphery Milford
- Fawcett, Richard & Oram, Richard (2004), Melrose Abbey, Stroud, Gloucestershire: Tempus Publishing Ltd, ISBN 978-0-7524-2867-3
- Grant, Alexander (2001), Independence and Nationhood, Scotland 1306–1469, Edinburgh: Edinburgh University Press, ISBN 978-0-7486-0273-5
- Lynch, Michael (1992), Scotland: A New History, London: Pimlico, ISBN 978-0-7126-9893-1
- McGladdery, Christine (2001), «The House of Stewart, 1371–1625», i Oram, Richard, The Kings & Queens of Scotland, Stroud, Gloustershire: Tempus Publishing Ltd, ISBN 978-0-7524-1991-6
- McGladdery, Christine (1990), James II, Edinburgh: John Donald Publishers Ltd, ISBN 978-0-85976-304-2
- MacQuarrie, Alan (2004), Medieval Scotland: Kingship and Nation, Gloucestershire, England: Sutton Publishing Limited, ISBN 978-0-7509-2977-6
- Munro, R. W.; Munro, Jean (2004), MacDonald family (per. c.1300–c.1500):Earls of Ross, Oxford Dictionary of National Biography (online utg.), Oxford University Press, ISBN 9780198614111, doi:10.1093/ref:odnb/54280
- Nield, Jonathan (1968), A Guide to the Best Historical Novels and Tales, Ayer Publishing, ISBN 978-0-8337-2509-7
- Penman, Michael (2001), «Robert III in The House of Stewart, 1371–1625», i Oram, Richard, The Kings & Queens of Scotland, Stroud, Gloustershire: Tempus Publishing Ltd, ISBN 978-0-7524-1991-6
- Rigby, S.H. (2003), A Companion to Britain in the Later Middle Ages, Oxford, United Kingdom: Blackwell Publishers Limited, ISBN 978-0-631-21785-5
- Round, J. Horace (1901), Studies in Peerage and Family History, Westminster, London: Archibald Constable & Co Ltd
- Stevenson, Katie (2006), 'Chivalry and knighthood in Scotland, 1424–1513, Woodbridge: The Boydell Press, ISBN 978-1-84383-192-1
- Watt, D. E. R. (2000), Medieval Church Councils in Scotland, Edinburgh: T&T Clark Ltd, ISBN 978-0-567-08731-7
- Weir, Alison (2008), Britain's Royal Families, London: Vintage, ISBN 978-0-09-953973-5
- Woodger, L. S. «Woodger, FENN, Hugh atte (d.1409), of Great Yarmouth, Norf.». Institute of Historical Research. Henta 3. mars 2017.
- Wylie, James Hamilton; Waugh, William Templeton (1914), The Reign of Henry the Fifth, The University Press, ASIN B00086QRQM
- Educational pamphlet, Investigating Linlithgow Palace, Historic Envoironment Scotland, arkivert frå originalen 5. juli 2021, henta 3 January 2019