Hopp til innhald

Jakov Milatović

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jakov Milatović

FøddЈаков Милатовић
7. desember 1986 (37 år)
Podgorica
Statsborgar avMontenegro
Yrkeembetsmann
Utdanna vedUniversitetet i Montenegro
University of Illinois
Wirtschaftsuniversität Wien
La Sapienza
University of Oxford
Alle verv
  • Minister of Economy (2020–2022)
  • Montenegros president (2023–) Sjå dette på Wikidata

Jakov Milatović (fødd 7. desember 1986) er ein montenegrinsk økonom og politikar som sidan 20. mai 2023 har vore president av Montenegro. Han var tidlegare, frå 2020 til 2022, statsråd for økonomisk utvikling i regjeringa til Zdravko Krivokapić og har også vore tilsett i European Bank for Reconstruction and Development.[1] Han var ein av grunnleggjarane og er nestleiar i det liberale og pro-europeiske partiet PES (Europa no!) som er det største partiet i det montenegrinske parlamentet (per 2023).

I ein alder av 36 blei Milatović den tredje og førebels yngste presidenten i det sjølvstendige Montenegro, etter at landet fekk sjølvstende i 2006. Han har kunngjort at han vil arbeide for auka levestandard, tiltak mot korrupsjon og medlemskap i EU innan 2025 som sine hovudsatsingsområde.[2][3]

Milatović blei fødd 7. desember 1986 i Titograd (noverande Podgorica, hovudstaden i Montenegro) i dåverande Jugoslavia. Far hans var ein montenegrinsk-serbisk unionist og var ein av grunnleggjarane av SNP (Det montenegrinske sosialistiske folkepartiet) i 1997.[4] Han har økonomisk utdanning frå fleire universitet (University of Montenegro, Illinois State University, Vienna University of Economics and Business, Sapienza University of Rome og St John's College, Oxford).[5]

Karriere som økonom

[endre | endre wikiteksten]

Milatović har jobba i NLB Group (den leiande bank- og finansgruppa i Slovenia) i Podgorica og i Deutsche Bank i Frankfurt før han i 2014 blei tilsett i European Bank for Reconstruction and Development.[6] Han har publisert fleire artiklar og er medforfattar av to bøker.[7]

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Milatović var statsråd for økonomisk utvikling i regjeringa til Zdravko Krivokapić frå 4. desember 2020 til 28. april 2022.[8] I denne perioden la han, saman med finansminister Milojko Spajić, fram eit kontroversielt økonomisk reformprogram med tittelen «Europa no!»[9] Reformprogrammet tok sikte på å heve minsteløna, redusere skattane, tiltrekkje seg utanlandske investeringar og å påskunde landets integrasjon med EU. Programmet blei teke godt i mot hos befolkninga og auka populariteten til Milatović og Spajić.[10]

I 2022 skipa Milatović og Spajić partiet Pokret Evropa sad (PES)[11] med Spajić som president og Milatović som visepresident. Partiet deltok i lokalvala i 2022 med Milatović som ordførarkandidat i Podgorica. Han vann over den sitjande ordføraren Milo Đukanović.[12]

I mars 2023 stilte Milatović som presidentkandidat for PES. Han erstatta Spajić som opphavleg var kandidaten til partiet fordi valkommisjonen ikkje godkjente Spajić som kandidat på grunn av at han hadde dobbelt statsborgarskap, i både Montenegro og Serbia.[13] Milatović blei vald til president etter å ha slege den sitjande presidenten Milo Đukanović med klår margin. Đukanović representerer partiet DPS, Det montenegrinske demokratiske sosialistiske partiet. I andre valomgang fekk Milatović 55,88 % av røystene mot Đukanović som fekk 41,12 %.[14] Han ble tatt i eid som president 20. mai 2023.

Milatović si politiske plassering blir skildra av nokon som sentrumsorientert/sentristisk, mens andre skildrar han som populistisk.[15]

Utanrikspolitisk er Milatović for at landet skal bli medlem av EU og han går inn for sterkare band mellom Montenegro og Serbia.[16] Han støtter sanksjonane mot Russland etter at landet invaderte Ukraina.[17] Han har avvist forslag om å revurdere anerkjenninga av Kosovo som urealistisk, og fastslår at Kosovo er eit internasjonalt anerkjent land.[18]

Milatović er gift med Milena Milatović. Paret har tre barn.

  1. «Ko je Jakov Milatović kandidat za ministra za ekonomski razvoj (Who is Jakov Milatović, the candidate for Minister of Economic Development)». Biznis CG. 5. november 2020. Arkivert frå originalen 20. november 2020. Henta 11. august 2023. 
  2. Dunai, Marton (28. mai 2023). «Montenegro’s young guard aims to speed up EU accession». Financial Times. 
  3. Vasovic, Aleksandar (2. april 2023). «Montenegro's ex-economy minister Milatovic declares victory in presidential run-off». Reuters. 
  4. «GLASAO SAM DEMOKRATE: Milatović otkrio i da mu je otac jedan od osnivača SNP-a | Region (VOTED DEMOCRATS: Milatović also revealed that his father was one of the founders of the SNP)» (på serbisk). Region.alo. 5. mars 2023. 
  5. «BIOGRAFIJA PREDLOŽENIH MINISTARA (BIOGRAPHY OF PROPOSED MINISTERS)». www.dan.co.me. 
  6. «Ovo su biografije kandidata za nove ministre (These are the biographies of the candidates for the new ministers)». vijesti.me. 
  7. «ДАН - Biografija Jakova Milatovića (DAN - Biography of Jakov Milatović)». DAN Portal. 2. april 2023. 
  8. «Izabrana 42. Vlada Crne Gore (42nd Government of Montenegro was elected)». 
  9. «Spajić, Milatović: Čvrsto stojimo iza programa Evropa sad! onako kako ga je Vlada predložila (Spajić, Milatović: We firmly stand behind the program Europe now! as proposed by the Government)». 
  10. Durović, Aneta (25. oktober 2022). «Tajna izbornog uspjeha Pokreta Evropa sad u Crnoj Gori (The secret of the electoral success of the Europe Now Movement in Montenegro)». Radio Slobodna Evropa. 
  11. Montenegrinsk og serbisk: Покрет Европа сад, på norsk Europa no!-rørsla
  12. «Objavljeni konačni rezultati izbora u Podgorici: Opozicija potukla Mila Đukanovića (The final results of the election in Podgorica have been announced: the opposition beat Milo Đukanović)». NOVA portal. 23. oktober 2022. 
  13. Milićević, Nenad (23. februar 2023). «"Evropa sad" umesto Spajića kandiduje Jakova Milatovića za predsednika Crne Gore ("Europe Now" instead of Spajić is running Jakov Milatović for the President of Montenegro)». N1. 
  14. «DIK utvrdio rezultate: Milatoviću 58,88 odsto glasova, Đukanoviću 41,12 odsto (DIK determined the results: Milatović got 58.88 percent of the votes, Đukanović got 41.12 percent)». Antena M. 
  15. «Gjenero: Milatović nije bezazlen i pristojan, već populista kojeg je stvorila SPC (Gjenero: Milatović is not harmless and decent, but a populist created by the SPC)». Standard. 20. mars 2023. 
  16. Đurić, Novica. «Srbija je za Crnu Goru više od ekonomije (For Montenegro, Serbia is more than the economy)». Politika Online. 
  17. «Jakov Milatović: Rusija je izvršila agresiju na Ukrajinu, Crna Gora će se u potpunosti držati političkog kursa EU (Jakov Milatović: Russia has committed aggression against Ukraine, Montenegro will fully adhere to the political course of the EU)». Politika Online. 
  18. Nikolić, Mirjana (5. april 2023). «Milatović: Crna Gora još snažnije prema EU, Kosovo je završena priča (Milatović: Montenegro even more strongly towards the EU, Kosovo is the end of the story)». N1. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Jakov Milatović