Vilt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elg er definert som storvilt.
Hare er definert som småvilt.
Grågås er fuglevilt.

Vilt, ville dyr eller villdyr er omgrep som primært vert nytta om pattedyr som lev og formeirar seg fritt i naturen. Dyra vert ofte kalla vilt når dei kan jaktast på. Omgrepet vert delt inn i småvilt og storvilt.

Omgrepet villdyr vert ofte nytta om dyr som kan ha aggressiv åtferd, for eksempel kattedyr, hundedyr eller bjørnar. Uttrykket vert også nytta for å beskrive menneskeleg åtferd, for eksempel om personar som utfører spesielt vågale handlingar.

I den norske viltlova frå 29. mai 1981 vert vilt definert som «alle viltlevende landpattedyr og fugler, amfibier og krypdyr».[1]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.