James Dewar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sir James Dewar
James Dewar.jpg
Sir James Dewar FRS
Fødd 20. september 1842
Kincardine
Død 27. mars 1923 (80 år)
London
Nasjonalitet Storbritannia
Område fysikk, kjemi
Yrke fysikar, kjemikar, oppfinnar
Alma mater University of Edinburgh
Doktorgradsrettleiar Lyon Playfair
Medlem Royal Society
Accademia delle Scienze di Torino

James Dewar (20. september 184227. mars 1923) var ein britisk fysikar og kjemikar.

Han var frå 1875 professor i eksperimentalfysikk ved universitetet i Cambridge, og frå 1877 professor i kjemi ved Royal Institution i London. Han var den første som fortetta hydrogen til væske, og framstelte det seinare òg i fast form. Til oppbevaring og forsending av flytande luft fann han opp dewarkaret, eit glaskar med doble vegger skilt ved lufttomt rom. Termosflasker byggjer på same prinsippet.

Han var æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1911.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «James Dewar». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 4. november 2013.