James McFadden
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fødd | 14. april 1983 | ||
| Fødestad | Glasgow | ||
| Høgd | 178 cm | ||
| Posisjon | Ving, spiss | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Birmingham City | ||
| Nummer | 16 | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2000-03 2003-08 2008- |
|
70 (32) 109 (11) 82 (13) | |
| Landslag | |||
| 2002- |
| 48 (15) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 14. september 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 4. september 2010 | |||
James McFadden (fødd 14. april 1983 i Glasgow) er ein skotsk fotballspelar som har spela for Birmingham City i engelsk Premier League og for det skotske fotballandslaget.
McFadden debuterte som profesjonell fotballspelar for Motherwell i skotsk Premier League i 2000/01-sesongen, 17 år gammal. Han vart kåra til årets unge skotske spelar av det skotske fotballforbundet i 2003. Same året vart han selt til engelske Everton for 1,25 millionar pund. Dei første tre sesongane sine i klubben spelte han dei fleste ligakampane, men frå 2006/07-sesongen fekk han færre kampar for Everton. I januar 2008 gjekk han til Birmingham for 5 millionar pund og har spelt regelmessig for førstelaget der.
McFadden debuterte for Skottland sitt A-landslag som 19-åring, i ein privatlandskamp mot Sør-Afrika. Han skåra det første landslagsmålet sitt 6. september 2003 i ein EM-kvalifiseringskamp mot Færøyane.