James Wolfe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Major-General James Wolfe.jpg

General James Wolfe (2. januar 172713. september 1759) var ein offiser i den britisk hæren, kjend for opplæringsreformane sine, men mest kjend for sigeren over franskmennene i Canada og opprettinga av det britiske styret då. Han var son av ein utmerka general og gjekk inn i militærteneste i tidleg alder, og var tidleg i krig på kontinentet under den austerrikske arvefølgjekrigen. Han tente i Flandern og Skottland, der han tok del i handlingane mot jakobittaropprøret. Han gjorde det godt, men då freden kom i 1748 var han dei neste åtte åra i garnisonsteneste i Det skotske høglandet.

sjuårskrigen braut ut i 1756 gav det Wolfe nye høve til avansement. Han tok del i det mislukka raidet på Rochefort i 1757 leia av William Pitt, som utpeikte han til nestkommanderande under erobringa av Louisbourg. Etter at denne operasjonen vart ein suksess vart han kommandant over ein styrke som skulle segle opp St. Lawrence-elva for å ta Quebec. Etter ei lang omleiring slo Wolfe win fransk styrke under Montcalm og dei britiske styrkane kunne ta byen. Wolfe vart drepen under slaget av fransk geværeld.

Wolfe vart kjend etter han døydde for erobringa av Quebec i 1759 og han vart eit ikon for den britiske sigeren i sjuårskrigen og områda dei tileigna seg då.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]