Jan Brueghel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Brueghel
Anthony van Dyck (possibly) - Portrait of Jan Brueghel the Elder.jpg
Fødd 1568 (juliansk)
Brussel
Død

13. januar 1625
Antwerpen

Sjanger landskapsmåleri, sjangerkunst, stilleben, historiemåleri
Yrke kunstmålar, kunstnar

Jan Brueghel den eldre (156813. januar 1625) var ein nederlandsk målar fødd i Brussel. Han måla blomar, landskap og Edens hage i emaljeliknande måleri, noko som gav han tilnamnet «Fløyels-Bruegel». Pieter Bruegel den eldre var far hans. Også sønene Jan Bruegel den yngre og Ambrosius Bruegel var målarar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

'Allegori over luktesansen', 1618
'Fiskemarknaden', 1603
'Bukett i ein leirvase', mellom 1599 og 1607

Bruegel var, etter først å ha vorte rettleia av mormora, miniatyrmålaren Marie Verhulst, elev av Peeter Goetkint den eldre i Antwerpen. Etter å ha vore i Italia i fem år, 1590-95, busette han seg i Antwerpen. Han laga ei stor mengde av sirleg måla landskapsbilete i lite format. Bileta var rikt utstyrt med mange menneskefigurar og dyr, ofte måla i ein blågrøn fargetone. Måleria veksla både mellom bibelske og mytologiske motiv, samt scener or det samtidige kvardagslivet. Han var også ein framifrå stilleben-målar, der han framom alt måla blomar i vasar.

Ved sida av si eiga produktive verksemd, samarbeidde Bruegel med andre målarar, mellom anna med sin nære ven Peter Paul Rubens. Til dømes måla han landskapet og blomsterkorga i Rubens sitt måleri Dei tre gratiene. Evnene hans som figurmålar gjorde at han bidrog med måling av staffasjefigurar på bileta til andre nære kjenningar i målarlauget. Til dømes måla Bruegel ofte figurar i Joos de Momper sine landskapsbilete. På andre sida måla Rubens, Hendrik van Balen og andre målarar av og til figurane i Bruegels eigne landskap.

Daniel Seghers var elev av Bruegel.

Jan Bruegel den eldre døydde i 1625 i Antwerpen av kolera, til liks med tre av borna hans.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Elvelandskap, 1607
  • Bønder på veg til marknaden, 1607
  • Landskap med bondegardar, 1609
  • Vase med blomar og insekt
  • Edens hage, ca 1620

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jan Brueghel