Brussel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brussel
Grand Place eller Grote Markt i Brussel
Grand Place eller Grote Markt i Brussel
Byvåpenet til Brussel
Byvåpenet til Brussel

Kallenamn
«Europas hovudstad»
Styresmakter
Land
Region
Belgia
Hovudstadsregionen Brussel
Grunnlagd 979
Ordførar Freddy Thielemans
Geografi
Flatevidd
 - By

162 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik
 - Storbyområde

140 000
  200/km²
1 975 000
Koordinatar 50°50′37″N 4°21′27″EKoordinatar: 50°50′37″N 4°21′27″E
Høgd over havet 13 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse anna
Heimeside: www.brussels.irisnet.be
Plassering
Kart som viser Brussel sin plassering Belgia
Kart som viser Brussel sin plassering Belgia


Brussel (nederlandsk: Brussel, fransk: Bruxelles, tysk: Brüssel, jiddisch: בריסל / Brisl) er hovudstaden i Belgia, delstaten Flandern og EU.

Området kring Brussel utgjer ein sjølvstendig region som ligg som ein enklave i Flandern. Det høyrer til verken det nederlandsktalande Flandern eller det fransktalande Vallonia, og både nederlandsk og fransk er offisielle språk i byen.

Opphavleg vart byen grunnlagt på den litle øya Saint-Gery (Sint-Gorik) midt ute i elva Zenne, der Charles (son av Ludvig IV av Belgia) omkring 979 bygde eit lite fort. Resten av det området som Brussel er bygd på i dag, var opphavleg myr. Elva Senne, som går midt gjennom byen, vart overbygd under kongen Leopold II av Belgia. Sankt Mikael (Saint-Michel, Sint-Michiels) er verneengel for byen.

I Brussel ligg mange av EU-institusjonane, inkludert EU-kommisjonen og det eine av Europaparlamentet sine to møtestader (det andre ligg i Strasbourg), og dessutan hovudkvarteret til NATO.

Region[endre | endre wikiteksten]

Området omkring Brussel, kalla Région Bruxelles-Capitale eller Brussels Hoofdstedelijk Gewest, er ein av tre regionar i Belgia, og har 19 kommunar. Regionen er ein enklave i Flandern og har 1 975 000 innbyggjarar, mens sjølve bykommunen Brussel har 145 000 innbyggjarar.

Regionen Brussel høyrer ikkje til verken det nederlandsktalande Flandern eller det fransktalande Vallonia, men har sidan 18. juni 1989 vore ein likeverdig autonom region med sitt eige parlament og regjering.

Brussel og organiseringa av administrasjonen i byen var lenge eit heitt politisk tema i Belgia. Det flamske synspunktet var at Brussel var ein flamsk by og burde bli verande som ein del av Flandern. I tillegg frykta den flamsktalande folkesetnaden at ein ny autonom region ville føre til at landet fekk to fransktalande regionar, då Brussel med åra har fått ein stor overvekt av fransktalande innbyggjarar. Den fransktalande folkesetnaden meinte dei hadde gradvis tatt kontroll over byen gjennom kommunevala og at ei oppretting av ein region dermed ville svekke denne kontrollen til fordel for ein lingvistisk likskap [1].

Språk[endre | endre wikiteksten]

Heimespråk i Brussel: ██  Raud: fransk ██  Oransje: nederlandsk og fransk ██  Gul: nederlandsk ██  Blå: verken nederlandsk eller fransk ██  Raud-blå: fransk + eit anna språk (men ikkje nederlandsk)

Både fransk og nederlandsk er offisielle språk i byen og regionen, men størstedelen av innbyggjarane har fransk som morsmål og mange er tospråklege. Opphavleg var Brussel nederlandsktalande, og ved Belgia si lausriving frå Nederlanda i 1830 talte berre 15 % av folkesetnaden fransk. I dag har innbyggjarane krav å bli møtt med det språket dei sjølv snakkar når dei kontaktar styresmaktene og desse språkrettane er nedfeld i ei lov.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nedre Lorraine vert skild ut frå Det tysk-romerske riket[endre | endre wikiteksten]

I 977 gav den tyske keisaren Otto II Nedre Lorraine, som låg ved den vestre grensa av Det tysk-romerske riket, til Karl av Nedre Lorraine. Karl av Nedre Lorraine var den franske kongen Ludvig IV sin bannlyste son, og allereie på det tidspunktet var Brussel omtalt. Ein reknar byen for grunnlagd då Karl av Nedre Lorraine oppførte eit lite fort i 979 på øya Sint-Gorik (fransk: Saint-Géry), som ligg i elva Zenne (Senne).

I samband med Karls død på slutten av 900-talet tok Lambert I av Leuven kontrollen over Nedre Lorraine. Under Lambert II av Leuven si regjeringstid vart dei første bymurane bygd og den litle byen vart på 1100-talet eit viktig knutepunkt på vegen mellom Brugge og Køln. På denne tida bytta grevane av Leuven namn til greve av Brabant og Brussel vart hovudstad for hertugdømet Brabant.

Brussel underlagt Nederlanda[endre | endre wikiteksten]

Frå 1400-talet vart Brussel residensby for dei burgundiske hertugane som samla Nederlanda og forsøkte å sameine dei nederlandske provinsane med Burgund (Bourgogne).

Under Karl V vart byen hovudstad for heile Nederlanda.

Solkongen beleirar byen[endre | endre wikiteksten]

I 1695 kringsette solkongen Ludvig XIV av Frankrike byen og ca. 4000 hus vart lagd i grus. Gjenoppbygginga gav plass til dei mange flotte bygningane som ein dag kan sjå på Grand Place (Grote Markt), eit torg som vart oppført på UNESCO si verdsarvsliste i 1998.

Habsburgsk herredøme[endre | endre wikiteksten]

Brussel var under spansk-habsburgsk, seinare austerriksk-habsburgsk herredøme fram til 1794, då franske revolusjonstroppar inntok dei austerrikske Nederlanda og innlemma det som ein del av Frankrike. Dei franske troppane sitt nederlag under keisar Napoleon vart avgjort nokre få kilometer frå byen, i den litle byen Waterloo. Etter Napoleons fall i 1813 vart dei sørlege- og nordlege Nederlanda gjenforeint i Kongeriket Nederlanda, og Brussel vart ein av stadane der motstanden mot det «hollandske» styret spira fram.

Den belgiske revolusjonen[endre | endre wikiteksten]

De Munt-teateret (fransk: La Monnaie)

I 1830 braut det ut spontane opprør i byen etter operaførestillinga Le Muette de Portici (De Stomme van Portici) ved De Munt-teateret (fransk: La Monnaie). Opprøra var starten på den belgiske revolusjonen som førte til at dei sørlege Nederlanda vart uavhengig under namnet Belgia 21. juli 1831. Brussel vart hovudstad i landet og sete for den første kongen, Leopold I av Belgia.

Under Leopold II si regjeringstid gjekk byen gjennom mange forandringar. Elva Zenne vart overbygd då den førte sjukdomar med seg, jarnbanen vart bygd ut og Tervuren-avenyen vart teikna.

Den første verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Under Den første verdskrig vart Brussel erklært for «open by», så ingen kamphandlingar fann stad i byen.

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Frå 10. mai 1940 vart Brussel bomba av den tyske hæren, men mesteparten av skadane skjedde mot slutten av krigen i 1944 - 1945.

Brussel etter den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Hovudstadsregionen Brussel vart oppretta 18. juni 1989.

Heyzel stadion-tragedien[endre | endre wikiteksten]

Heyzel stadion-tragedien skjedde i Brussel 29. mai 1985 i samband med finalen i Serievinnercupen i fotball mellom engelske Liverpool FC og italienske Juventus FC. Ein time før kampstart reiv Liverpooltilhengarane ned gjerdet som skilde dei to supportargruppene. Juventustilhengarane vart pressa tilbake mot ein falleferdig vegg, som kollapsa over dei. Trass i denne ulykka vart kampen spelt, ein kamp Juventus vann med 1-0 etter straffespark av Michel Platini. 39 menneske omkom, hovudsakleg Juventustilhengarar. Liverpool vart seinare utestengd frå alle europeisk fotballturneringar i seks år og alle andre engelske fotballklubber vart utstengd i fem år.

Attrakasjonar[endre | endre wikiteksten]

Hovudstadsfunksjonar og diplomatisk verdssenter[endre | endre wikiteksten]

Brussel vert ofte rekna som hovudstad for EU då fleire av dei viktigaste EU-institusjonane er lagt her:

EFTA sin faste komité og EFTAs overvakingsorgan sine kontor er òg lokalisert i Brussel, saman med i alt 120 internasjonale institusjonar. Medrekna 159 ambassadar har byen totalt fleire enn 2 500 diplomatar, som gjer at Brussel er det nest største senteret for diplomatisk verksemd i verda etter New York.

Brussel er vertsby for NATO sitt hovudkvarter. Noreg er representert i Brussel med ambassaden til Belgia, NATO-delegasjonen og Noregs delegasjon til EU. Ei rekkje norske verksemder har kontor i Brussel.

Brouckère-stasjon, ein av stasjonane på Brussel sin tunnelbane

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar frå Brussel[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Heimesida til Region de Bruxelles-Capitale

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]