Jan Hammer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Hammer
Jan Hammer 2 - 1977.jpg
Jan Hammer i 1977
Fødd17. april 1948 (71 år)
FødestadPraha i Tsjekkoslovakia
FødenamnJan Hammer
OpphavTsjekkoslovakia, Tsjekkia
AktivSidan 1968
Sjanger
Instrument
  • Klaverinstrument
  • trommer
Tilknytte artistar
Verka som
  • Musikar
  • komponist
  • plateprodusent
MorVlasta Průchová
FarJan Hammer Sr.

Jan Hammer (fødd 17. april 1948) er ein tsjekkisk-amerikansk musikar, komponist og plateproduent. Han vart først kjend då han spelte klaverinstrument i Mahavishnu Orchestra tidleg i 1970-åra, og er kjend som filmmusikkomponist for fjernsyn og film, inkludert «Miami Vice Theme» og «Crockett's Theme» frå den populære 80-talsserien Miami Vice. Han har halde fram å arbeide både som utøvande musikar og produsent, og har i den seinare karrieren òg vore filmprodusent.

Hammer har samarbeidd med somme av dei viktigaste jazz- og rockemusikarane som John McLaughlin, Jeff Beck, Al Di Meola, Mick Jagger, Carlos Santana, Stanley Clarke, Tommy Bolin, Neal Schon, Steve Lukather og Elvin Jones blant fleire. Han har komponert og produsert musikk til minst 14 filmar, musikken for 90 episodar av Miami Vice og 20 episodar av den populære britiske TV-serien Chancer.

For komposisjonane sine har han vunne fleire Grammyprisar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Huey, Steve «Jan Hammer Biography», Allmusic, henta 6. juli 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]