John McLaughlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John McLaughlin
John McLaughlin Blue Note 2016.JPG
John McLaughlin på scenen med Chick Corea under 75-årsdagen hans på Blue Note Jazz Club i New York City 10. desember 2016
Fødd4. januar 1942 (79 år)
FødestadDoncaster i West Riding of Yorkshire i England
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1963
Sjanger
InstrumentGitar
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Musikar
  • låtskrivar
PrisarFrankfurter Musikpreis

John McLaughlin (fødd 4. januar 1942) er ein engelsk gitarist, bandleiar og komponist. Han er ein pioner innan jazzfusion, og musikken hans nyttar element av jazz i lag med rock, verdsmusikk, indisk klassisk musikk, vestleg klassisk musikk, flamenco og blues. Etter å ha spelt med fleire viktige, britiske grupper tidleg i 1960-åra, gav McLaughlin ut Extrapolation, det første albumet hans som bandleiar, i 1969. Han flytta så til USA, der han spelte i gruppa til Tony Williams, Lifetime og så med Miles Davis på dei elektriske jazzfusion-albuma hans, In a Silent Way, Bitches Brew, Jack Johnson og On the Corner. I 1970-åra spelte Mahavishnu Orchestra ein teknisk virtuos og kompleks stil som blanda elektrisk jazz og rock med indisk musikk.

Soloen til McLaughlin på «Miles Beyond» frå albumet hans Live at Ronnie Scott's vann i 2018 Grammyprisen for beste improviserte jazzsolo.[1] Han har fleire gonger vunne prisen som årets gitarist og beste jazzgitarist i magasin som DownBeat og Guitar Player basert på lesarstemmer. I 2003 vart han rangert på 49. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[2] I 2009 hadde DownBeat McLaughlin med på ei urangert liste over dei 75 beste gitaristane gjennom tidene, i kategorien «moderne jazzmaestroar».[3] I 2012 rangerte Guitar World han på 63. plassen på si topp 100-liste.[4] I 2010 kalla Jeff Beck McLaughlin «den beste gitaristen i live»[5] og Pat Metheny har òg skildra han som den beste gitaristen i verda.[6] I 2017 fekk McLaughlin ein æresdoktorgrad i musikk ved Berklee College of Music.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «2018 GRAMMY Awards: Complete Winners List». Grammy.com. 29. januar 2018. Henta 12. juli 2021. 
  2. «Rolling Stone 100 Greatest Guitarists of All Time». Rolling Stone. Henta 12. juli 2021. 
  3. «75 Great Guitarists» (PDF). Down Beat. February 2009. Arkivert frå originalen (PDF) 27. januar 2018. Henta 12. juli 2021. 
  4. «Top 100 Greatest Guitarists of All Time». Gitar World. Arkivert frå originalen 22. mai 2016. Henta 12. juli 2021. 
  5. Uncut magazine, March 2010. Interview with Jeff Beck.
  6. Smyers, Darryl (29. november 2010). «Q&A: John McLaughlin Talks Miles Davis, Indian Philosophy and Frank Zappa's Jealousy». Dallasobserver.com. Henta 12. juli 2021. 
  7. Micucci, Matt (6. august 2017). «John McLaughlin awarded Berklee honorary degree». JAZZIZ Magazine (på engelsk). Henta 12. juli 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: John McLaughlin