Jan Hus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Hus

Føddca. 1371
FødestadHusinec
Død6. juli 1415
DødsstadKonstanz

Jan Hus (kring 13706. juli 1415) var ein bøhmisk religiøs tenkjar og reformator. Han sette igang ein religiøs bevegelse basert på John Wycliffe sine idear. Følgjarane hans heitte husittar.[1] Hus er også viktig for utforminga av det tsjekkiske skriftspråket. Han fekk samla og gjeve ut ei tsjekkisk bibelomsetjing, skreiv ei ABC-bok for barn og andre tekstar, som De orthographia bohemica.[2]

For dei reformatoriske tankane sine kom Hus i konflikt med kyrkja, og i november 1414 blei han fengsla. Han blei alvorleg sjuk. Trass i harde forhøyr ville han ikkje ta tilbake det han hadde sagt, og til slutt blei han dømd som kjettar og avretta ved brenning.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jan Hus | Bohemian religious leader», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 2. mars 2020 
  2. 2,0 2,1 Blekastad, Milada; Langhelle, Svein Ivar (22. januar 2023). «Jan Hus». Store norske leksikon (på norsk).