John Wycliffe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Wycliffe

Fødd1320-åra
Hipswell
Død31. desember 1384
Lutterworth
NasjonalitetKongeriket England
Områdefilosofi, teologi, omsetjing, priesthood
Yrketeolog, omsetjar, filosof, bibelomsetjar, skribent
InstitusjonarUniversity of Oxford
Alma materMerton College
The Queen's College
Brenninga av beina til Wycliffe i 1427; illustrasjon frå John Foxe si Book of Martyrs.

John Wycliffe (1320-åra31. desember 1384) var ein engelsk reformator, som i sterke ordelag kritiserte paven og oppfordra kyrkja til å oppgje eigedomane sine og den verdslege makta.

Han byrja tidleg å studere Bibelen, viss ord og innhald vart viktig i kyrkjekritikken hans. I 1370 vart han professor i teologi ved Universitetet i Oxford, og det var i denne perioden han stod fram som reformator. Han fremja etter kvart sine reformtankar både gjennom ord og handling.

Wycliffe hevda at Gud har all makt og at det berre er han som oppfyller Guds løyve som har rett til å styre. Læra hans gjekk ut på at det er Bibelen som er den høgaste autoriteten til kyrkja; han forkasta pavedømmet og avviste helgendyrkinga, valfartar, avlat og sjelemesser. Kritikken gjekk òg utover sakramenta – verken konfirmasjonen eller den siste olja er i følgje Bibelen sakrament.

Wycliffe fekk omsett Bibelen til engelsk, slik at folk flest kunne lese han, men han deltok ikkje sjølv i omsetjingsarbeidet. Skriftene vart ikkje omsette frå grunnteksten, men frå den latinske bibelen Vulgata, som vart brukt av den katolske kyrkja. Som eit anna tiltak sende han ut predikantar som hadde «Guds ord» til oppgåve – som i Matteus 10, der Jesus sende ut apostlane.

Grunna det avvikande synet sitt vart Wycliffe dømd som kjettar av kyrkja og måtte eit par år før han døydde trekkje seg frå professoratet ved Oxford, men han fekk vern både frå parlamentet og folket til å fortsetje arbeidet sitt livet ut. Mange av predikantane hans vart forfølgde, og mange av dei vart avretta ved brenning på bål. Etter Wycliffe døydde vart forfølgingane hardare, grava hans vart opna og beina hans vart brende og kasta på elva i 1427.

John Wycliffe blir saman med Jan Hus sett på som forløparar for reformasjonen. Sjølv om reformrørsla til Wycliffe vart stoppa, levde tankane vidare. Den verdsomspennande bibelomsetjingsorganisasjonen Wycliffe Global Alliance er kalla etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]