Jan O. Engsmyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan O. Engsmyr
Fødd23. desember 1944 (79 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
BarnLinda Marie Engsmyr
VervOrdførar i Sarpsborg 1995-2011
FøregangarThorvald Gressum
EtterfylgjarSindre Martinsen-Evje
Alle verv
  • ordførar i Sarpsborg (1995–2011) Sjå dette på Wikidata

Jan Olaf Engsmyr (fødd 23. desember 1944) er ein tidlegare norsk lokalpolitikar for Arbeidarpartiet. Han var ordførar i Sarpsborg kommune gjennom ein periode på 16 år frå 1995 til 2011.

Engsmyr er busett på Greåker og kom med i politikken som kommunestyrerepresentant i Tune kommune i 1975. I den første perioden med storkommune var han gruppeleiar for Ap, og frå 1995 var han ordførar. Han gjekk formelt av som ordførar 13. oktober 2011 og vart då pensjonist. Før han vart heiltidspolitikar arbeidde han som reparatør på Glomma Papp og deretter, frå 1983, som tillitsvald i Jern og Metall.[1]

Dottera Linda Marie Engsmyr vart varaordførar i Sarpsborg då Engsmyr gjekk av som ordførar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dette er Jan O. Engsmyr». Sarpsborg Arbeiderblad. 8. september 2007. Henta 19. november 2011. 
  2. «Disse skal styre byen». Sarpsborg Arbeiderblad. 6. oktober 2011. Henta 19. september 2011.