Sindre Martinsen-Evje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sindre Martinsen-Evje
Fødd15. november 1981 (39 år)
Sarpsborg
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
VervGruppeleiar i Sarpsborg kommune (2007-2011)
VervFungerande varaordførar i Sarpsborg kommune (2011)[1]
VervOrdførar i Sarpsborg[2] 2011-
FøregangarJan O. Engsmyr

Sindre Martinsen-Evje (fødd 15. november 1981) er ordførar (Ap) i Sarpsborg kommune. Han overtok etter Jan O. Engsmyr 13. oktober 2011.[3] I månadane før han vart vald til ordførar var han konstituert varaordførar. I valperioden 2007–2011 var han gruppeleiar for Arbeidarpartiet i bystyret.

Martinsen-Evje er fødd og oppvaksen i Jelsnes i Sarpsborg. Han er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo. Martinsen-Evje vart vald inn i bystyret første gong i 1999. I perioden 2003-2007 var han leiar av hovudutvalet for kultur og oppvekst[4].

Han var i perioden 2009 til 2011 nestleiar i Sarpsborg Arbeiderparti, der han tok over etter noverande stortingsrepresentant Thor Erik Forsberg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sak 34/11 Valg av ny midlertidig varaordfører i varaordførers sykdomsperiode». Sarpsborg kommune, 5. juni 2011. 
  2. «Sarpsborgs nye topp-politikere». Sarpsborg kommune, 13. oktober 2011. 
  3. «Nå heter ordføreren Sindre». Sarpsborg Arbeiderblad, 13. oktober 2011. 
  4. «Tar seks av elleve plasser i formannskapet». Sarpsborg Arbeiderblad 19. september 2003.