Jan Wiese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Wiese
Fødd 4. mars 1928
Bærum
Død

5. juli 2014

Yrke skribent

Jan Wiese (4. mars 19285. juli 2014) var ein norsk forlagsmann og forfattar frå Bærum. Han var elev ved Oslo katedralskole og utdanna siviløkonom. Frå 1973 til 1988 var han administrerande direktør i J.W. Cappelens Forlag. Wiese var òg formann i Den norske Forleggerforening i perioden 1975–1978.

Han debuterte med ei samling forteljingar i 1979: Jeg skal til Katnosa i kveld. I 1990 utkom romanen Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede, som fekk gode kritikkar og vann eit stort publikum. Romanen er omsett til 15 språk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]