Hopp til innhald

Den norske Forleggerforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øvre Vollgate 15 i Oslo, Bokhandelens hus, som huser Den norske Forleggerforening og Bokhandlerforeningen.

Den norske Forleggerforening, og kalla Forleggerforeningen, er ein bransjeorganisasjon og medlemsforeining for norske forlag. Administrasjonen har tilhald i Øvre Vollgate 15 i Oslo. Foreininga vart skipa i 1895.

Foreininga har som oppgåve mellom anna å take vare på forlaga sine interesser andsynes både forfattarorganisasjonar og omsetjarorganisasjonar som Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Den norske Forfatterforening, foreininga Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, Norsk Oversetterforening (som organiserer omsetjarar av skjønnlitteratur) og fleire, og likeeins andsynes Bokhandlerforeningen (som ivaretek interessene til bokhandlarane). Foreininga yter òg juridisk hjelp og andre tenester til medlemane. Dessutan er foreininga talsorgan andsynes styresmakter, presse, kringkasting og liknande.

Som medlemar i foreininga kan verte slike verksemder som har som næring å gje ut bøker, vitskaplege tidsskrift, ljodbøker, audiovisuelle læremiddel eller anna opphavsrettsverna materiale i elektronisk form. Verksemda må vere registret i Noreg. Både store og små forlag er medlemar i foreininga. Til saman står desse verksemdene for mesteparten av omsetjinga av bøker i Noreg.


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]