Jani Lakanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jani Lakanen


Statsborgarskap Finland
Fødd 11. desember 1976 (47 år)
Lojo kommune
Idrett orientering

Jani Ensio Lakanen (fødd 11. desember 1976) er ein finsk tidlegare orienteringsløpar frå Lohja i landskapet Nyland. Han gjekk til topps i verdscupen i orientering 2000. I 2006 vart han verdsmeister og europameister i klassisk løype.

Lakanen vann i 2001 VM-gull med Finland sitt stafettlag. I tida frå 1999 til 2006 tok han elles tre VM-sølv i stafett. Individuelt vann han i 2001 sølvmedaljen i klassisk, 34 sekund bakom norske Jørgen Rostrup. Året etter deltok Lakanen i det finske mannskapet som vart europameister i stafett. I 2005 vart han bronsemedaljør på kort-distansen under VM i Japan. Året etter sprang han inn til gullmedalje på den klassiske distansen ved VM i Danmark, det same gjorde han ved europameisterskapen i Estland. Etter eit lengre opphald kom Lakanen tilbake då det var VM 2013 på finsk heimegrunn. Her vart han andremann i den klassiske løypa, einast legendariske Thierry Gueorgiou orienterte betre.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1999: Sølv i stafett, nr 4 på kort-distansen
  • VM 2001: Sølv i klassisk løype, gull i stafett
  • VM 2003: Sølv i stafett, nr 7 i klassisk løype
  • VM 2005: Bronse på kort-distansen
  • VM 2006: Gull i klassisk løype, sølv i stafett
  • VM 2013: Sølv i klassisk løype

Kjelder[endre | endre wikiteksten]