Janus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Janus (fleirtyding).
Janus på ein romersk mynt.

Janus er ein gud i italisk og romersk mytologi. Han vakta over inngangar og var gud for byrjingar. Den første månaden i året fekk namn etter han som januarius, eller norsk januar. I romersk tid var også den første dagen i kvar månad vigd til han.[1]

Statue av Janus i Vatikanet

Janus blir avbilda med to andlet, eit smilande og eit surt. Omgrepet «janusansikt» eller «janusandlet» kan brukast om ein sak eller person som viser seg frå to ulike sider.[2] Janus har også vorte mykje nytta som symbol på dualitet og teater.

Ein dobbelport i nordausthjørnet på Forum i Roma var vigd til Janus. I midten stod eit bronsebilde av guden, med to andlet vend mot aust og vest. I krigstid stod portfløyane opne (dette var vanleg, sidan romarane svært ofte var i krig), men i fredstid var dei stengde. Under keisar Augustus blei portane stengde tre gonger, første gongen i 29 f.Kr., då borgarkrigen enda. Tidlegare hadde det etter tradisjonen berre skjedd to gonger.[1]

Hovudofringene til Janus blei forrettet av rex sacrorum (latin for 'offerkongen'), ein av dei høgaste prestane i Roma.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Janus: romersk gud», Store norske leksikon, 22. november 2016 
  2. «janusansikt» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.