Jarome Iginla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jarome Iginla


Jarome Iginla i Calgary-drakt

Statsborgarskap Canada
Fødd 1. juli 1977 (46 år)
Edmonton
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2002

Utmerkingar

Art Ross Memorial Trophy, King Clancy Memorial Trophy, Mark Messier Leadership Award, Maurice "Rocket" Richard Trophy, Maurice "Rocket" Richard Trophy, NHL Foundation Player Award, Lester B. Pearson Award

Jarome Arthur-Leigh Adekunle Tig Junior Elvis Iginla (fødd 1. juli 1977) er ein kanadisk tidlegare ishockespelar frå Edmonton i Alberta-provinsen. Han vart med Canada sitt landslag verdsmeister i 1997 og olympisk meister både i 2002 og 2010.

Høgrevengen Iginla var aktiv i National Hockey League frå 1996 til 2017. Åra 1996-2013 spelte han på Calgary Flames, sidan gjorde han tenste i Boston Bruins i ein sesong og i Colorado Avalanche i nær tre sesongar. Våren 2004 deltok han på Calgary sitt lag som nådde Stanley Cup-finalen, der det etter sju finalekampar måtte sjå seg slått i det avgjerande oppgjerte med 2-1 av Tampa Bay Lightning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]