Jaroslav I av Kiev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jaroslav I av Kiev
Yaroslav the Wise2.jpg
storfyrste av Kievriket
Fødd978 (juliansk)
Død20. februar 1054 (juliansk)
DødsstadVysjhorod
MorRogneda av Polotsk
FarVladimir I
EktefelleIngegjerd Olofsdatter
BarnEllisiv av Kiev, Anastasia av Kiev, Anna av Kiev, Iziaslav I av Kiev, Svjatoslav II av Kiev, Vsevolod I av Kiev, Igor Yaroslavich, Vladimir of Novgorod, Ilja Jaroslavič, Vyacheslav Yaroslavich, Agatha, Edvard den landflyktiges hustru

Jaroslav I (9781054), kalla Jaroslav den kloke (ukrainsk: Ярослав, kristennamn Georg, norrønt Jarizleifr) var storfyrste av Kievriket frå 1019 til 1054. Han var son av Vladimir I og Rogneda av Polotsk (nokre kjelder seier Anna av Bysants).

Etter at faren døydde i 1015 kjempa Jaroslav lenge mot brør sine om trona, og søkte støtte i Sverige. Med hjelp frå væringane erobra han Kiev i 1019. Under hans styre blomstra kyrkja, kulturen og den militære makta markant. Under Jaroslav vart den første lovboka for riket utgjeven, Russkaja pravda.[1]

Jaroslav var gift med den svenske prinsessa Ingegjerd Olofsdatter. Ho var opphavleg lova bort til Olav den heilage.[2] På sine eldre dagar gjekk ho i kloster, og vart helgenkåra som den heilage Anna av Novgorod. Jaroslav og Ingegerd var vertskap for Olav den heilage og følgjet hans då dei drog i eksil til Gardarike[3] (Kievriket) før Olav vende tilbake til Noreg og fall i Slaget på Stiklestad..[4]

Dottera, Elisaveta Jaroslavna, eller Ellisiv av Kiev som ho vert kalla i norsk tradisjon, vart gift med kong Harald Hardråde.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jaroslav 1. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 17. februar 2017.
  2. Olav den helliges saga, kap. 80, 92-93
  3. «Gardarike». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 18. august 2018. 
  4. Olav den helliges saga, kap. 181