Gardarike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gardarike (norrønt Garðaríki) er eit namn som vart nytta på området til aust-slavarane av vikingane frå Norden. Namnet tyder «riket med borgane», og oppstod som Garðar.[1] På reisene gjennom Aust-Europa, til mellom anna Miklagard eller Jorsalaland, støtte vikingane på talrike slaviske byar med namn som enda med gorod - 'gard, borg' eller 'by'.[1] «Gardariket» er kjend frå norrøn sogelitteratur, medan forma «Garðar» går att i skaldedikt og runeinnskrifter frå 900- og 1000-talet.[1]

Ettersom vikingane særleg handla med dei nordre russiske områda, skildrar sogene Holmsgard (Hólmgarður, dagens Novgorod) som hovudstaden i Gardarike. Andre byar som blir nemnde er Aldeigjuborg (gamle Ladoga), Kǿnugarðr (Kiev), Pallteskja (Polotsk), Smaleskia (Smolensk), Surdalar (Suzdal), Moramar (Murom) og Rostofa (Rostov).

Gardariket blei truleg grunnlagd som eit rike på midten av 800-talet. Då la vikingar frå noverande Sverige området sør for Ladoga under seg. På 880-talet utvida dei herredømet til å også omfatta Kiev-området.[1]

Vidare utvikling[endre | endre wikiteksten]

Etter kvart blei Gardariket til den fyrste russiske statsdanninga. Handelsfolka og busetjarane frå noverande Sverige vart kalla rusar. Dei gjekk etterkvart inn i den slaviske kulturen, men banda mellom Gardarike og Norden heldt seg ved lag i lang tid. Mellom anna fanst fleire familiesamband mellom Gardarike og dei norske og svenske kongeslektene, til dømes hjå Harald Hardråde, Olov Skötkonung og dei russiske storfyrstane i Kiev, som Jaroslav I.[1]

Den fyrste russiske staten vart kalla Kiev Rus. Etter kvart utvikla det seg til Novgorodriket. På 1300-talet byrja Novgorod eller Gardarike å ekspandera nordover, fyrst kring innsjøane Ladoga og Onega, så langs Kvitehavskysten og på 1500-talet langs kysten av Kola.

I Skandinavia og på Island kalla ein dei russiske landa for Gardarike heilt fram til 1200-talet. Eit anna namn var «Store-Svitjod», som mellom anna vart nytta i Snorri Sturluson si Ynglingesoga. Svitjod var eit namn på eit rike i Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Gardarike», Store norske leksikon, 15. februar 2015