Javier Zanetti
Utsjånad
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Javier Adelmar Zanetti | ||
| Fødd | 10. august 1973 (53 år) | ||
| Fødestad | Buenos Aires i Argentina | ||
| Høgd | 178 cm | ||
| Posisjon | Høgreback, venstreback, midtbane | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 1992–1993 1993–1995 1995–2014 |
Talleres (RE) Banfield Inter |
33 (1) 66 (4) 539 (12) | |
| Landslag | |||
| 1994–2011 | Argentina | 145 (5) | |
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Javier Aldemar Zanetti (fødd 10. august 1973 i Buenos Aires) er ein argentinsk tidlegare fotballspelar som no er visepresident for Inter Milan.
Zanetti var høgreback og spelte på Inter frå 1995 til 2014. Han spelte sin 700. kamp i meisterligafinalen 2010, ein kamp Inter vann med 2-0 over Bayern München. Han var kaptein både på Inter og det argentinske landslaget.
I Argentina er Zanetti kjend under kallenamnet Pupi, i Italia vart han kalla Il Trattore ('traktoren'). Namna kom av di han kunne springe heile vegen frå backposisjon til angrepsposisjon.
Zanetti deltok i verdsmeisterskapane 1998 og 2002. Med Inter vann han Meisterligaen 2010, UEFA-cupen 1998 og to gonger Coppa Italia, dessutan fem Serie A-meisterskap.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Javier Zanetti» frå Wikipedia på bokmål, den 20. april 2020.
- National-football-teams