Jean-Claude Killy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean-Claude Killy

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 30. august 1943 (80 år)
Saint-Cloud
Yrke alpinist, skodespelar, tollar, racerbilfører
Språk fransk
Høgd 178 centimeter
Medlem av Den internasjonale olympiske komitéen
Ektefelle Danièle Gaubert
Jean-Claude Killy på Commons

Jean-Claude Killy (fødd 30. august 1943) er ein fransk tidlegare alpinist og seinare idrettsleiar som vann alle tre gullmedaljane i dei alpine øvingane for menn under Vinter-OL 1968. To år tidlegare vart han verdsmeister i utfor og i kombinasjonen, med sine OL-sigrar i slalåm og utfor i 1968 fekk han VM-gull i kombinasjonen også då. Han vann verdscupen i alpine greiner både i 1967 og i 1968, dei fyrste to åra turneringa var i gang.

Utøvar[endre | endre wikiteksten]

Killy er fødd i Saint-Cloud i departementet Hauts-de-Seine, men voks opp i Val-d’Isère. I 1964 vart han nummer fem i storslalåm under vinterleikane i Innsbruck. Sommaren 1966 kopierte han plasseringa i same øvinga under alpin-VM i Portillo, hadde då allereie vunne utforrennet framfor landsmannen Léo Lacroix. Ein åttandeplass i den avsluttande slalåmtevlinga var nok til at Killy sikra seg gullmedaljen også i kombinasjonen, endå ein gong med Lacroix på sølvplass.

I 1967 gjekk Killy til topps i den fyrste verdscupen i alpine greiner. Han var heilt suveren og vann pokalen i alle tre øvingane; slalåm, storslalåm og utfor. Også i 1968 triumferte Killy i verdscupen, då han i tillegg var den beste storslalåmrennaren gjennom sesongen. I alt vann Killy 18 renn i verdscupen dei to sesongane han deltok.

Toppen for Killy kom under Vinter-OL 1968, på fransk heimegrunn i Grenoble. Han vann OL-gull i alle dei alpine greinene; både slalåm, storslalåm og utfor. Killy var suveren i storslalåm-tvelinga, men vann med knapp margin i både utfor og slalåm, i utfor var han åtte hundredels sekund føre landsmannen Guy Périllat og i slalåm slo han Herbert Huber frå Austerrike med ni hundredels sekund. Killy vart automatisk verdsmeister i kombinasjonen med sine sigrar i utfor og slalåm.

Leiar[endre | endre wikiteksten]

Killy var nestleiar for Vinter-OL 1992 i Albertville, og deretter leiar av Société du Tour de France frå 1992 til 2001. Sidan 1995 har Killy vore medlem av den internasjonale olympiske komiteen (IOK).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar