Jebel al-Madhbah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jebel al-Madhbah
fjell
Petra First Glimpse.jpg
Siq ved foten av Jebel al-Madhbah
Land Flag of Jordan.svg Jordan
Jordan location map.svg

Jebel al-Madhbah (arabisk جبل المذبح) er eit fjell ved Petra, i dagens Jordan, som mange forskarar meiner kan ha vore Sinaifjellet i Bibelen,[1] først ved Ditlef Nielsen i 1927.[2] Toppen av fjellet er hogd bort, så spor etter eventuelt tidlegare byggverk på toppen er gått tapt.

Namnet Jebel al-Madbah tyder altarfjellet, og er godt bevart, sidan toppen av fjellet er dekt i seremonielle strukturar hogde ut i fjellet.[3]

Fjellet er over 1000 meter høgt, men ei steintrapp går frå toppen til dalen nedanfor, der Petra ligg i det som i dag vert kalla Wadi Musa, som tyder Mosesdalen. Ved inngangen til Siq-en ligg Ain Musa, som tyder Moseskjelda. På 1200-talet skreiv den arabiske historikaren Numairi at Ain MUsa var Meribah, staden der Moses slo staven sin og vatnet strøymde ut av bakken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Peake-kommentarane om Bibelen
  2. Ditlef Nielsen, The Site of the Sinai Mountain in the Bible – A Claim for Petra (1927)
  3. Sartre, Maurice (2005). The Midtausten Under Rome. Harvard University Press. s. 316. ISBN 9780674016835.