Jef Raskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jef Raskin
Jef Raskin holding Canon Cat model.png
Fødd9. mars 1943
New York by
Død26. februar 2005
Pacifica (California)
NasjonalitetUSA
Yrkeprogrammerar, informatikar, skribent, universitetslærar, matematikar
InstitusjonarApple Inc.
University of California, San Diego
Alma materPennsylvania State University
Stony Brook University
BarnAza Raskin

Jef Raskin (9. mars 194326. februar 2005) var ein amerikansk ekspert på menneske-maskin-grensesnitt. Han er mest kjend for å ha starta Macintosh-prosjektet hjå Apple Computer seint på 1970-talet og for skriveverktøyet Canon CAT (lansert i 1987).

Raskin vart fødd i New York by i 1943. Han utdanna seg innan matematikk og filosofi, og fekk ein mastergrad i datavitskap ved Pennsylvania State University i 1967. Det fyrste dataprogrammet han laga, eit musikkprogram, var ein del av avhandlinga hans.