Filosofi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Filosofi (kjærleik til visdom, frå gresk philos og sophia) er det kritiske studiet av dei mest fundamentale spørsmåla menneskeslekta har vore i stand til å stille, til dømes innan tru, eksistens, etikk og moral. Logikk handlar om å konstruere gyldige argument, og spelar ei sentral rolle i filosofisk diskusjon.

Avgrensing av disiplinen[endre | endre wikiteksten]

Sidan Aristoteles har filosofien vore oppdelt i praktisk og teoretisk filosofi. Målet til dei praktiske vitskapane er handling, mens målet til dei teoretiske vitskapane er viten. Sidan renessansen er au disiplinen filosofihistorie kommi til. Den teoretiske filosofien blir ofte inndelt i erkjennelsesteori, metafysikk og vitskapsfilosofi. Den praktiske filosofien blir ofte inndelt i etikk, metaetikk, politisk filosofi og estetikk. Men au til dømes pedagogisk filosofi kan reknast til desse. Filosofi grensar mot andre fagområde som til dømes lingvistikk, psykologi og pedagogikk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gresk filosofi[endre | endre wikiteksten]

Vestleg filosofi reknar opphavet sitt til det klassiske Hellas med naturfilosofane Thales frå Milet; etter han følgjer Anaksimander, Heraklit, Parmenides og Demokrit saman med andre førsokratiske tenkjarar.

Heretter følgde Sokrates, som vendte filosofien vekk frå naturen og mot mennesket. Den mest berømte eleven til Sokrates var idealisten Platon og eleven hans igjen var Aristoteles, som forsvarte empirien mot idealismen. Dei tre blir oftast rekna som vestens første store filosofar.

Seinantikken og mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

I seinantikken var særleg nyplatonismen populær, med Plotin som første hovudrepresentant. Den nyplatonske tradisjonen vart særleg vidareført i kristendommen, mens dei jødiske og muslimske filosofane hovudsakleg vidareutvikla den aristoteliske tradisjonen i kombinasjon med sterk vekt på empiri og rasjonalisme. Særleg viktige namn her er den muslimske filosofen Ibn Rushd, den persisk-muslimske filosofen al-Farabi og den jødiske filosofen Moses Maimonides.

Den tidlege modernismen[endre | endre wikiteksten]

I kjølvatnet av renessansen og den vitskaplege revolusjonen kom dei to filosofiske retningane rasjonalisme, forfekta av blant anna René Descartes, Gottfried Wilhelm Leibniz og Baruch de Spinoza, og empirisme, forfekta av blant anna John Locke og David Hume. Desse la hovudvekt på fornufta og erfaringa. Immanuel Kant lagde en syntese av desse to retningane, ved å leggje vekt på aktiv bearbeiding av sanseinntrykka.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Filosofien på 1900-talet var dominert av filosofar som Ludwig Wittgenstein, Gottlob Frege, Bertrand Russell, Martin Heidegger, Edmund Husserl, Donald Davidson, John Langshaw Austin, Kurt Gödel og Michel Foucault. Ein av dei mest kjende norske filosofane frå denne tida er Arne Næss.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]