Jegeredderkoppar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jegeredderkoppar
Utbreiing
Utbreiinga av Jegeredderkoppar
Utbreiinga av Jegeredderkoppar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Chelicerata
Klasse: Edderkoppdyr Arachnida
Orden: Edderkoppar Araneae
Underorden: Opisthothelae
Infraorden: Araneomorphae
Familie: Jegeredderkoppar Sparassidae
Bertkau, 1872

Jegeredderkoppar, Sparassidae, er ein familie av edderkoppar som tilhøyrer undergruppa Entelegynae i gruppa Araneomorphae. Dei store, brune edderkoppane som av og til følgjer med importerte bananar og anna frukt tilhøyrer gjerne denne familien.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Heteropoda maxima frå Laos kan vera 30 centimeter mellom beina, og er den største edderkoppen i verda om ein reknar med beina.

Dei fleste artane er store til svært store, langbeinte og ofte brune på farge. Kroppen er tilsynelatande hårlaus. Smaragdedderkopp (Micrommata virescens) er den einaste arten som finst utandørs i Noreg, og er umiskjenneleg: hoa er grasgrøn (den einaste norske edderkoppen bortsett frå hjulspinnarar med denne fargen), hannen er olivengrøn, og bakkroppen raud med to gule striper. Auga står på to rader med fire i kvar, og har gjerne ein lys ring rundt kvart auge. Dei lange beina krummar alle framover, dei to fremste para er lengre enn dei to bakarste.

Smaragdedderkopp er den einaste jegeredderkopparten i Noreg, her ein hann.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Edderkoppane er nattaktive jegerar som ikkje lagar fangstnett. Nokre av artane kjem ofte inn i hus, andre blir ofte importerte til Europa med bananklasar. Ein del artar er blitt spreidde til store delar av verda med handelsvarer. Dei er ikkje farlege for menneske sjølv om bitet til dei store artane kan vera noko smertefullt og kanskje føra til forbigåande opphoving, kvalme og svimle. Likevel kan dei likna på dei svært farlege søramerikanske edderkoppane i slekta Phoneutria (Ctenidae).

Desse edderkoppane jaktar på insekt, til dømes kakerlakkar, og blir derfor rekna som nyttige for menneske. Dei store artane kan også ta små øgler. Dei kan bevega seg svært raskt i ein mellomting mellom hopp og springing. Dei kjem seg lett både framover, bakover og til sidene, og er derfor vanskelege å fanga.

Hoene vaktar over egga sine som dei gjerne ber med seg i ein sekk av silke, og er då svært aggressive.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Familien er utbreidd i alle verdsdelar, men mest i tropiske og subtropiske område. Særleg er det mange artar i Australia.

Systematisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Familien blir delt inn i over 80 slekter. Berre dei som finst i Europa er nemnde under.

  • Klasse edderkoppdyr, Arachnida
    • Orden edderkoppar, Araneae
      • Underorden Opisthothelae
        • Gruppe araneomorfe edderkoppar, Araneomorphae
          • Gruppe Neocribellata
            • Gruppe Entelegynae
              • Gruppe Dionycha
                • Familie jegeredderkoppar, Sparassidae Bertkau, 1872 (= Heteropodidae, Eusparassidae)
                  • Slekta Cerbalus Simon, 1897 – 2 artar i Europa
                  • Slekta Eusparassus Simon, 1903 – 3 artar i Europa
                  • Slekta Heteropoda Latreille, 1804 – 4 artar i Europa
                  • Slekta Micrommata Latreille, 1804 – 7 artar i Europa. I Noreg:
                    • smaragdedderkopp, Micrommata virescens (Clerck, 1757)
                  • Slekta Olios Walckenaer, 1837 – 5 artar i Europa
                  • Slekta Tychicus Simon, 1880 – éin art i Europa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Roberts, M.J. (1995) Spiders of Britain & Northern Europe. Harper Collins. ISBN 0-00-219981-5

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]