Jektvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jektvika)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jektvik
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Rødøy
Postnummer 8187 JEKTVIK
Preposisjon i Jektvik

Jektvik er ei bygd og ein ferjestad som ligg langs kystriksvegen på sørsida av fjorden Værangen i Rødøy kommune i Nordland. Bygda er eit knutepunkt som ligg sentralt i kommunen, og har eigen barnehage og skule, grendehus og kafé. Bygda har òg eigen butikk. Denne gjekk konkurs i 2009, men skifte eigar og har no starta opp att.

Når ein køyrer langs kystriksvegen er ein avhengig av ferja Jektvik-Kilboghamn for å koma seg vidare, så denne ferjestrekninga kan vera sterkt trafikkert sommarstid. Ferja kan òg leggja til kai ved Bygda Sørfjorden på denne overfarten. Jektvik har òg ferjesamband til diverse øyar i kommunen; det går nesten dagleg ferje til Gjerøya, Rødøy, Selsøyvik, Storselsøy og Nordnesøy herifrå.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]