Hopp til innhald

Jens Kusk Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Kusk Jensen
Statsborgarskap Danmark
Fødd 8. februar 1866
Vester Assels
Død

23. oktober 1936 (70 år)
Nivå

Yrke faglitterær forfattar, navigatør, skipsførar
Jens Kusk Jensen på Commons
Sleppstikk teikning i Haandbog i praktisk Sømandsskab

Jens Kusk Jensen f. Jens Kudsk Jensen (fødd 8. februar 1866 i Vester Assels, død 23. oktober 1936 i Nivå) var ein dansk sjømann og forfattar.

Han segla til sjøs i fire år frå han var 17 år gamal. Så tok han styrmannseksamen. Tillegg tok han eksamenar i engelsk, sjørett, handelslære geografi og meteorologi. Etter det segla han som styrmann, kaptein og skipsførar. I elleve år skreiv han på Haandbog i praktisk Sømandsskab. Ho kom ut i 1901. Medan han arbeidde på boka forlist han fire gongar, og mykje av manuskripta hans gjekk tapt.

Haandbog i praktisk Sømandsskaber på 400 sider. I tillegg til med praktiske forklaringar og opplysningar om rigging, ankring, manøvrering, stuing av last, seglføring, og det meste som har med seglskip å gjer,Har boka over 600 teikningar som Jens Kusk Jensen har laga. Boka vart svært populær, og har kome i fleire utgåver.

Jens Kusk Jensen har og gjeve ut Haandbog i Sømandsskab for Lystfartøjer og Motorbaade. Etter han var død vart manuskriptaEn Sømands Oplevelser i Fred og Krig og Navigationens Udvikling prenta.