Jeppe Aakjær
Jeppe Aakjær | |
![]() | |
Fødd | 10. september 1866 Aakjær |
Død |
22. april 1930 (63 år) |
Yrke | journalist, skribent, lyrikar, romanforfattar |
Ektefelle | Marie Bregendahl, Nanna Aakjær |
Born | Esben Aakjær, Svend Aakjær |
Jeppe Aakjær på Commons |
Jeppe Aakjær (10. september 1866–22. april 1930), fødd Jeppe Jensen i Aakjær i Fly Sogn ved Skive, er ein dansk forfattar av romanar, noveller, dikt, og skodespel. I tillegg har Jeppe Aakjær skrive ein del lokalhistoriske bøker, alle basert på studiar av arkivalier på Landsarkivet i Viborg. Sonen Svend Aakjær (1894-1963) var landsarkivar på arkivet i Viborg frå 1929 og enda karrièren sin som riksarkivar.
Aakjær var fleire gonger i konflikt med samfunnet, som han gjorde opprør overfor. Han sat i fengsel fleire gonger for kampskriftene sine.
Jeppe Aakjær var først gift med forfattaren Marie Bregendahl, som òg kom frå Fjends. Seinare budde han på garden Jenle på Salling nord for Skive med den andre hustrua si, Nanna Aakjær, som var biletskjerar. Dei flytta flyttetinn på den nybygde garden i 1907 like etter bryllaupet deira.
Aakjær samarbeida med forskjellige komponistar. Carl Nielsen skreiv musikk til fleire av Jeppe Aakjær sine dikt, mellom anna Jens Vejmand som vart ein stor slager byrjinga av 1900-talet. Ein annan kjend song av Aakjær er Jeg er havren, som er vorte kjend i heile Norden.
Lokalhistoriske bøker[endre | endre wikiteksten]
- Hedevandringer, 1915 (som er trykt opp att 1995 ISBN 87-7466-247-3)
- Langs Karupaaens Bred, 1929
- Fra Agermuld og Hedesand, 1930
- Konge, Adel og andre Sallingboer, 1930
- Gammel brug og gammel Brøde, 1931
- Muld og Mænd, 1932
- Fra Sallingland til Øresund, 1932
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Jeppe Aakjær» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2008.