Jerez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jerez (Јерез)
Utspring Fjellet Cer sør for Prnjavor
Munning Sava ved Šabac
Land i nedslagsfelt Flag of Serbia.svg Serbia
Lengd 56 km
Nedslagsfelt 503 km²

Jerez (serbisk Јерез) er ei elv vest i Serbia, ei 56 km lang sideelv til Sava frå høgre.

Jerez spring ut frå vestsida av fjellet Cer vest i Serbia, nær landsbyen Čokešina. Elveleiet til Jerez er faktisk eit gammalt elveleie for Drina, som brukte å munne ut i Sava ved Šabac. Då Drina endre lei fleire kilometer lenger vest, rann kjeldene frå Cer ut i det tomme elveleiet og elva Jerez var skapt. Ho munnar ut i Sava like nord for Šabac, der ho dannar eit lite delta.

Elva har eit nedslagsfelt på 503 km², som høyrer til Svartehavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]