Jersey Girl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Got no time for the corner boys
Down in the street making all that noise
Don't want no whores on 8th Avenue
'Cause tonight I want to be with you

«Jersey Girl» av Tom Waits

«Jersey Girl» er ein song skriven og spelt inn av Tom Waits på albumet hans Heartattack and Vine i 1980.

Jersey Girl er ein roleg kjærleiksballade Tom Waits skreiv til kona si, Kathleen Brennan, som kom frå New Jersey. Mest gjenkjenneleg er kanskje refrenget med «shalala»-synging. Om dette har Tom Waits sagt: «Eg trudde aldri eg nokon gong skulle synge shalala i songane mine. Dette er første erfaringa mi med shalala»[1]

Jersey Girl er ein av dei mest kjende songane til Tom Waits, særleg etter at Bruce Springsteen byrja å spele songen på konsertane sine utover 1980-talet, og til og med skreiv eit ekstra vers til han. Sidan songen i tillegg kan høyrast ut som ein song som Springsteen kunne ha skrive sjølv, er det mange som trur at det er ein original Springsteen-song.

Jersey Girl har òg vorte spelt inn av Jon Bon Jovi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]