Jesi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gamlebyen i Jesi

Jesi er ein by og ein kommune i provinsen Ancona i Marche-regionen i Italia. Kommunen har 40 000 ibuarar og dekker eit areal på 107,7 km². Byen ligg på nordbreidda av elva Esino, 11 kilometer før ho munnar ut Adriahavet.

Jesi er ein meir enn 2500 år gammal by.

Komponisten Giovanni Battista Pergolesi og fektaren Valentina Vezzali vart begge fødd i Jesi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]