Jezioro Maltańskie
| Jezioro Maltańskie | |||
| innsjø | |||
Det kinesiske laget trender før Verdsmeisterskapen i roing i 2006 | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Innsjøtype | kunstig innsjø | ||
| Tilsig | Cybina | ||
| Utløp | Cybina | ||
| Lengd | 2,2 km | ||
| Breidd | 0,46 km | ||
| Areal | 0,64 km² | ||
| Middeldjupn | 3,1 m | ||
| Største djupn | 5 m | ||
![]() Jezioro Maltańskie 52°24′09″N 16°58′15″E / 52.4025°N 16.970833333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Lake Malta, Poznań | |||
Jezioro Maltańskie (eller Maltasjøen) er ein kunstig innsjø i Poznań i Polen. Han vart danna i 1952 då det vart bygd ei demning i elva Cybina. Han er om lag 2,2 km lang og i snitt 3,1 meter djup. På det djupaste er han om lag 5 meter. Det er fleire høve for fritidsaktivitetar i og rundt innsjøen, inkludert ei skiløype, ein skeisebane, ein dyrehage, den smalspora jernbanelinja Kolejka Parkowa Maltanka og Fridomshaugen.
Innsjøen er òg ein av dei eldste menneskeskapte robanane i Europa. Det har vorte halde mange løp her i verdscupen i roing sidan 1952.
Namnet på innsjøen kjem av Maltesarordenen. Innsjøen vart danna på land som var eigd av St. Johannes av Jerusalem utanfor murane-kyrkja og som vart gjeve til ordenen i 1187 av hertug Mieszko III den gamle.
- Fridomshaugen og skiløypa
- Botn av innsjøen vinteren 2004/2005.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lake Malta» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2008.
Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
