Kunstig innsjø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kunstig innsjø i Nederland.

Kunstig innsjø er ein innsjø som menneske har laga eller forma, anten ved å grave ut eit basseng i terrenget der vatnet naturleg vil samle seg, eller ved å demme opp eit vassdrag for å skape eit vassreservoar. Valldalsvatnet i Valldalen søraust på Hardangervidda er eit av fleire døme i Noreg på at naturlege innsjøar og elvar har vorte heva og utvida til store innsjøar, reguleringsbasseng, for at vatnet skal kunne nyttast i vasskraftverk.

Kunstig innsjø nedanfor brua i Vigelandsanlegget i Frognerparken i Oslo
Lille Lungegårdsvann i Bergen.

I parkar i byar er det ofte laga til kunstige små innsjøar eller kunstige tjern til glede for bybuarane, til dømes i Vigelandsanlegget i Oslo, der bekken frå Sognsvann er demma opp. Lille Lungegårdsvann i Bergen er eit døme på at ein opphavleg fjordarm gjennom eit trangt sund har vorte omgjort til ein liten, geometrisk utforma innsjø i eit sentralt område av byen.