Jimmy Martin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jimmy Martin
Fødd10. august 1927(1927-08-10)
FødestadSneedville i Tennessee i USA
Død14. mai 2005 (77 år)
DødsstadNashville i USA
OpphavUSA
Aktiv1949–2005
SjangerBluegrass
InstrumentGitar, mandolin
Tilknytte artistarBill Monroe Lloyd Locke
PlateselskapDecca, Coral, MCA, Gusto
Verka somMusikar

James Henry Martin (10. august 192714. mai 2005) var ein USA-amerikansk bluegrassmusikar, kjend som «King of Bluegrass».[1]

Martin vart kjend då han byrja å spele med Bill Monroe i 1949, og spelte med han fram til 1955, då han skipa sitt eige band, The Sunny Mountain Boys.

Martin var kjend for eit farleg uføreseieleg, men særs underhaldande nærvære på scenen. Han snakka ope om alkoholproblemet sitt og dei kraftige humørsvingingane, som hindra han i å oppnå den livslange draumen om å få bli ein del av Grand Ole Opry.

Han spelte ofte på Louisiana Hayride og WWVA Jamboree (sidan kalla Jamboree U.S.A. i 1960-åra), i tillegg til Grand Ole Opry, men vart aldri invitert til å bli med fast på sistnemnde. Han spelte på Nitty Gritty Dirt Band-albumet Will the Circle Be Unbroken i 1972, i tillegg til oppfølgjarane Volume II (1989) og Volume III (2002).

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Album US Country Selskap
1960 Good 'n Country Decca
1962 Country Music Time
1963 This World Is Not My Home
1964 Widow Maker
1965 Sunny Side of the Mountain
1966 Good 'n Country Music
1967 Big and Country Instrumentals
1968 Tennessee 42
1969 Free Born Man
1970 Singing All Day
1972 I'd Like to Be Sixteen Again
1973 Moonshine Hollow Coral
1974 Fly Me to Frisco MCA
1978 Greatest Bluegrass Hits Gusto
1980 Will the Circle Be Unbroken
Me'n Old Pete
To Mother at Christmas
First Time Together (with Ralph Stanley)
1982 One Woman Man

Sinlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel US Country Album
1958 «Rock Hearts» 14 singel only
1959 «Night» 26 Good'n Country
1964 «Widow Maker» 19 Widow Maker
1966 «I Can't Quit Cigarettes» 49 Good'n Country Music
1968 «Tennessee» 72 Tennessee

Gjestesinglar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Artist US Country Album
1973 «Grand Ole Opry Song» Nitty Gritty Dirt Band 97 Will the Circle Be Unbroken

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Morris, Edward. ««King of Bluegrass» Jimmy Martin Dead at 77». CMT News. Henta 9. januar 2020.