Johann Christoph Bach III

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Johann Christoph Bach.

Johann Christoph Bach (16. juni 167122. februar 1721) var ein tysk organist frå Bach-familien, storebroren til Johann Sebastian Bach.

Johann Christoph Bach var fødd i Erfurt. Foreldra Johann Ambrosius Bach (1644/45–1695) og Maria Elisabeth Lämmerhirt (ca. 1663-1694) døydde då Johann Christoph var 23. Han fekk då ansvaret for veslebrørne Johann Sebastian og Johann Jakob

Johann Christoph Bach vart organist ved Michaeliskirche i Ohrdruf i 1690, og var allereie høgt akta både som musikar. Han budde i Ohrdruf til han døydde.

I 1686 fekk Johann Christoph opplæring av Johann Pachelbel, ein viktig og erfaren organist. Kunnskapane han fekk gjennom Pachelbel gav han vidare til borna sine og yngre brør. Alle dei fem sønene hans blei dugelege musikarar, og etterkomarane hans var i over 100 år organistar ved Michaeliskirche eller kantorar ved latinskulen.

Den musikkhistoriske tydinga til Johann Christoph Bach kjem ikkje berre av at han gav broren sin Johann Sebastian ei solid musikalsk grunnutdanning, men han var òg sentral for overleveringa av klaviaturmusikk frå den midttyske barokken. To manuskript opptegnet frå byrjinga av 1700-talet er overlevert via Johann Christoph Bach: den såkalla Andreas-Bach-Buch og det Möllerske Håndskrift. Desse nøye nedskrivne manuskripta, som òg inneheld autografar av Johann Sebastian Bach, er dei einaste overleverte kjeldene til einskilde betydelege verk av til dømes Dietrich Buxtehude, Nicolaus Bruhns og Johann Pachelbel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]