Johann Jaun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johann Jaun

Johann Jaun, (27. februar 184212. januar 1921) var ein fjellklatrar og fjellførar frå Unterbäch i kantonen Valais i Sveits. Han var rekna som den mest verdige arvtakaren etter Melchior Anderegg. Jaun døydde i Meiringen i kantonen Bern.

Jaun arbeidde sim treskjerar, før han tok til med fjellføring saman med Melchior Anderegg. Desse to var med i 1868 då Horace Walker som fyrstemann nådde til topps på Grandes Jorasses. Jaun var førar for Thomas Middlemore og Henri Cordier på mange av turane der dei kleiv mange nye og oppsiktsvekkande ruter.

I 1883 var han med Thomas Stuart Kennedy og Johann Fisher då desse gjorde den fyrste utforskinga av Nanda Devi.

Fyrstebestigingar[endre | endre wikiteksten]

  • Pointe Walker, Grandes Jorasses - 30. juni 1868, sman med Horace Walker, Melchior Anderegg og Julien Grange
  • Les Courtes - 4. august 1876, saman med Henri Cordier, Thomas Middlemore, John Maund, Jakob Anderegg og Andreas Maurer
  • Les Droites - 7. august 1876, saman Thomas Middlemore, John Maund, Henri Cordier og Andreas Maurer
  • Mont Maudit - 12. september 1878, saman med Henry Hoare, William E. Davidson og Johann von Bergen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]