Johann Peter Salomon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johann Peter Salomon

Fødd20. februar 1745
FødestadBonn
Død25. november 1815 (70 år)
DødsstadLondon
OpphavDet tysk-romerske riket
Sjangeropera
Instrumentfiolin
Verka somdirigent, komponist, konsertmester, fiolinist

Johann Peter Salomon (døypt 20. februar 1745 i Bonn; 25. november 1815 i London) var ein tysk fiolinist, komponist og konsertorganisator.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Salomon spelte i ulike tyske hofforkester før han i 1781 flytta til London. Han spelte først i kvartettar, men bygde seg opp som impresario og fekk etterkvart stor tyding for musikklivet i byen.

I 1790 var Salomon i Wien der han gav Joseph Haydn eit lukrativt tilbod som innebar at Haydn oppførte dei nye symfoniane sine med stort orkester i London. Den 58 år gamle Haydn var på det tidspunktet pensjonert etter at Esterhazy sitt hofforkester var blitt nedlagt, så han slo til på tilbodet, noko som viste seg å bli ein stor økonomisk og kunstnarisk suksess for han. Under det fyrste London-opphaldet skreiv og uroppførte Haydn symfoniane nr. 93 til 98, under det andre symfoniane nr. 100 til 104 Alle ber derfor tilnamnet London-symfoniane, men dei siste blir i blant òg kalla Salomon-symfoniene. Nemninga stammar ikkje frå Haydn sjølv.

Salomon var fiolinsolist under uroppføringa av Haydn sin Sinfonia Concertante i B-dur for fiolin, cello, obo og fagott, opus 84, Hob. I:105 (1792), som Haydn skreiv og oppførte under det fyrste London-opphaldet.

Beethoven- og Salomon-familiene var naboar og venner i Bonn. Salomon flytta frå Bonn før Ludwig van Beethoven blei fødd, men dei blei kjende med kvarandre då Salomon vitja heimbyen. I eit brev frå 1815 forhøyrer Beethoven seg med Salomon om han kan formidla kontakt med ein London-forlegger.

Salomon døydde av skadar han fekk etter eit fall frå hest august 1815.[1] Han blei gravlagd i Westminster under stor publikumsdeltaking.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Johann Peter Salomon», Westminster Abbey (på engelsk), henta 26. mars 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Johann Peter Salomon