Fiolin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein fiolin frå ulike vinklar
Ein fiolin i fiolinkassen sin

Fiolin eller fele er eit strykeinstrument med fire strengar som vanlegvis vert stemde i g (lågast), d', a' og e" (høgast). Fiolinen vert kalla sopranen blant strykeinstrumenta fordi han er det minste og lysaste av dei utbreidde typane. Han er eit fleksibelt instrument som kan brukast til mange musikkstilar.

Spelemåte[endre | endre wikiteksten]

Ein fiolinist held som regel fiolinen vassrett utover frå halsgropa. Han held fiolinhalsen med den venstre handa, som han òg bruker til å pressa strengane ned med for å få ulike tonar, og kan skjelva med henne for å få tonane til å vibrera (vibrato). Den høgre handa brukar han til å halda bogen eller til å plukka strengane med (pizzicato). I andre tradisjonar enn den vestlege klassiske kan ein halda fiolinen litt annleis.

Fiolinen kan brukast som soloinstrument, i grupper eller i større orkester. Instrumentet vert brukt innan fleire sjangrar. Det er særs viktig innan vestleg klassisk musikk, jazz, folkemusikk og karnatisk musikk, men ein høyrer òg fiolinar i filmmusikk, pop og rock.

Fiolinfamilien med sine medlemmer fiolin, bratsj og cello vart utvikla frå instrument som vihuela og lira da braccio i Italia på første halvdel av 1500-talet — truleg kring 1520. I løpet av dei neste to hundre åra vart fiolinfamilien vidareutvikla og perfeksjonert av kjende fiolinmakarar som Amati-familien og Antonio Stradivari.

Virtuose fiolinistar gjorde òg sitt til å utvikla spelestilen. Fiolinen vart først halden mot brystet, men aukande vekt på posisjonsspel gjorde at den ein fann ut at å halda han under haka gav meir fridom. Teknikkar som vibrato (skjelving), pizzicato (plukking) og å flytta handa i ulike posisjonar over strengene (sjå posisjonsspel) vart utvikla av folk som Arcangelo Corelli, Antonio Vivaldi, Giuseppe Tartini og den legendariske Niccolò Paganini.

I Noreg fekk me vår eigen utgåve av fiolinen. Den heiter hardingfele og har fire spelestrenger og vanlegvis fire til fem resonansstrenger.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fiolin