John A. Macdonald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Alexander Macdonald
JaMAC.jpg
Fødd 11. januar 1815

Glasgow

Død 6. juni 1891 (76 år)
Ottawa
Parti Det kanadiske konservative partiet
Verv Statsminister i Canada
 - periode 18671873
18781891
 - føregjengar Ingen
Alexander Mackenzie
 - etterfylgjar Alexander Mackenzie
John Abott

John Alexander Macdonald (11. januar 18156. juni 1891) var den første statsministeren i Canada, og den dominerande skikkelsen i danninga av den canadiske konføderasjonen.

Macdonald er den personen som har vore nest lengst som statsminister i Canada, og den einaste som har leia åtte fleirtalsregjeringar. Han var den fremste forkjemparen for ein nasjonal jernbane, som blei fullført i 1885, og som knytte Canada saman frå Stillehavet til Atlanterhavet. Han var også ein viktig og sameinande skikkelse i samlinga av ein nasjon med stort geografisk areal, innbyggjarar frå to europeiske kolonimakter, talrike urfolk og andre kulturar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]