John Taverner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Taverner
[[Fil:
bilettekst= Mulig likskap med John Taverner
|frameless]]
Føddca. 1490
FødestadSouth Lincolnshire i England
Død18. oktober 1545
DødsstadBoston i England
OpphavKongeriket England, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
SjangerRenessansemusikk, vokalmusikk
Verka somKomponist og organist

John Taverner (fødd ca. 1490, død 18. oktober 1545) var ein engelsk komponist og organist, som vert rekna som den viktigaste engelske komponisten på si tid. Livet hans er tema i Taverner, ein opera av Peter Maxwell Davies. Han komponerte først og fremst kyrkjemusikk, mellom anna 8 messer, 9 messedelar, 3 Magnificats, 25 motettar, samt nokre songar og instrumentalstykke.

Taverner var organist og kapellmeister ved Christ Church i Oxford, utnemnd av kardinal Thomas Wolsey i 1526. I 1528 fekk han åtvaring for kontakten han hadde med lutheranane, men slapp straff då han «berre» var «ein musikar». Wolsey vart styrta i 1529, og i 1530 forlet Taverner posten sin.

Så vidt ein veit hadde han ingen musikktenester etter dette og ingen av verka hans kan daterast til eit seinare tidspunkt, så det kan hende han slutta å komponere. Det vart påstått at han fungerte som ein agent for Thomas Cromwell og at han att han assisterte ved klosteroppløysinga, men dette er i dag tvilsamt.

Ein veit at han slo seg ned i Boston i Lincolnshire, der han hadde ein mindre jordeigedom og var nokolunne velberga. Han vart valt til alderman i Boston 1545, kort tid før han døydde. Han er gravlagt under klokketårnet ved St Botolph's Church i Boston.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Messer[endre | endre wikiteksten]

  1. Missa Gloria tibi Trinitas (6 stemmer)
  2. Missa Corona Spinea (6 stemmer)
  3. Missa O Michael (6 stemmer)
  4. Missa Sancti Wilhelmi (5 stemmer)
  5. Missa Mater Christi (5 stemmer)
  6. The Mean Mass (5 stemmer)
  7. The Plainsong Mass (4 stemmer)
  8. The Western Wynde Mass (4 stemmer)

Messedelar[endre | endre wikiteksten]

  1. Christeleison (3 stemmer)
  2. Kyrie Le Roy (4 stemmer)

Antifonar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ave Dei Patris filia (5 stemmer)
  2. Gaude plurimum (5 stemmer)
  3. O splendor gloriae (5 stemmer)
  4. O Wilhelme, pastor bone

Tidebønsmusikk[endre | endre wikiteksten]

  1. Alleluya. Veni electa (4 stemmer)
  2. Alleluya (4 stemmer)
  3. Te Deum (5 stemmer)

Motettar[endre | endre wikiteksten]

  1. Audivi vocem de caelo (4 stemmer)
  2. Ave Maria (5 stemmer)
  3. Dum transisset sabbatum (I) (5 stemmer)
  4. Dum transisset sabbatum (II) (4 stemmer)
  5. Ecce carissimi
  6. Ex ejus tumba - Sospitati dedit aegro
  7. Fac nobis secundum hoc nomen (5 stemmer)
  8. Fecundata sine viro (3 stemmer)
  9. Hodie nobis caelorum rex
  10. In pace in idipsum (4 stemmer)
  11. Jesu spes poenitentibus (3 stemmer)
  12. Magnificat (4 stemmer)
  13. Magnificat (5 stemmer)
  14. Magnificat (6 stemmer)
  15. Mater Christi (5 stemmer)
  16. O Christe Jesu pastor bone (5 stemmer)
  17. Prudens virgo (3 stemmer)
  18. Sancte deus (5 stemmer)
  19. Sub tuum presidium (5 stemmer)
  20. Tam peccatum (3 stemmer)
  21. Traditur militibus (3 stemmer)
  22. Virgo pura (3 stemmer)

Verdsleg musikk[endre | endre wikiteksten]

  1. In trouble and adversity
  2. In women (2 stemmer)
  3. Quemadmodum (6 stemmer)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]