Messe i musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Messe (Missa) er ei musikkform der tekstene frå messa i den katolske gudstenesta ligg til grunn. Ved sidan av tekstane til den vanlege søndagsmessa (ordinarium) vert ofte dei skiftande tekstane gjennom kyrkjeåret (proprium) tonesett.

Sidan den evangelisk-lutherske liturgien har halde på søndagsmessa, ordinarium, finst det òg messekomposisjonar av Johann Sebastian Bach og mange andre ikkje katolske komponistar. Messer kan vere a cappella, dvs for den menneskelege stemme aleine, eller dei kan akkompagnerast av forskjellige instrument opp til eit fullt orkester.

Dei faste messeledda vart tidleg utarbeidde av ulike komponistar, av di dei støtt var sunge. Messeledda vart mest alltid framførte på latin og gresk, og sunge av liturgen eller av kyrkjekoret. Framvoksteren av messa heng nøye saman med framvoksteren av ein vestleg polyfoni.

Dei første gjennomkomponerte messene vart laga på 1300-talet. Før dette hadde komponistar gjerne utarbeidd einskilde ledd, helst Gloria-delen. Utover i dei følgjande hundreåra vart komponistar støtt bedne om å skrive ny musikk til messeledda, og slik vart messa ein kyrkjemusikalsk sjanger.

Dei tidlege messene vart ofte skrivne over ei kjend melodi, gjerne ein hymnetone frå dei gregorianske gradualene. Dei eldste variantane er kalla Cantus firmus-messer. Messa var bygd opp rundt ein fast Cantus firmus som var sett i ei einskild stemme. Seinare kunne komponistane arbeide og harmonisere ut melodien på ulike vis, og leggje han imitert i fleire av stemmene. Desse messene er oftast kalla parafrasemesser. Utover på 1500-talet vart det òg vanleg å nytte skrivne satsar, anten små fleirstemmige songar eller motettar som forelegg. Desse messene fekk namn etter den tona, songen eller motetten som var nytta, som kjennemerke. Typen er kalla parodimesse.

Fram til om lag 1600 var messene stort sett framført utan tonefølgje. I barokken vart det meir vanleg å byggje ut messa med instrument, og dei ulike ledda vart delte opp etter eit meir opera-liknande prinsipp. Med tida vart ikkje messene av dette slaget gagnlege til bruk i gudstenesta sameleis som før, men dei stod fram som sjølvstendige musikalske verk. Ei av dei største som er skrivne av dette slaget er H-moll-messa av Johann Sebastian Bach, som knapt vart oppført medan han levde, og som varar i meir enn to timar.

Utover i romantikken vart messene større i takt med voksteren på orkesteret, men det vart òg mindre vanleg å komponere ny musikk til messeledda. Dei romantiske komponistane nytta meir tid på requiem-messa, som er ei særskild grein av messeliturgien.

I nyare tid vert det komponert ny musikk til einskilde ledd, til nytte i gudstenesta, som i eldre tid. Musikken som er mest nytta i den norske gudstenesta er skriven av Egil Hovland og Trond Kverno.

Viktige messekomponistar med nokre komposisjonar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]