John Todhunter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Todhunter

Statsborgarskap Irland
Fødd 30. desember 1839
Dublin
Død

25. oktober 1916 (76 år)
London Borough of Ealing

Yrke skribent, skodespelforfattar, lyrikar
Far Thomas Harvey Todhunter
Mor Hannah Harvey
Ektefelle Katharine Gresley Ball, Dora Louisa Digby
Born Margery Dorothea Todhunter

John Todhunter (30. desember 183925. oktober 1916) var ein irsk diktar og dramatikar som skreiv sju band poesi og fleire skodespel.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Todhunter var fødd i Dublin som den eldste sonen til Thomas Harvey Todhunter, ein kjøpmann av engelsk opphav som var kvekar. Han blei utdanna ved kvekarskoler, mellom anna Bootham School i York og Mountmellick i Irland.[1] Han arbeidde ved kontoret til far si i Dublin og London før han gjekk vidare til Trinity College, der han studerte medisin. Då han var ved Trinity vann Todhunter Vice-Chancellor's prize for English Verse i 1864, 1865 og 1866, og Gold Medal of the Philosophical Society 1866 for eit essay. Han arbeidde som kontormann for William Stokes medan han studerte. Todhunter blei bachelor i medisin i 1867, og tok doktorgraden i medisin i 1871. På Trinity bidrog han òg til det litterære magasinet Kottabos.[2]

I 1870 (eit år før doktoratet) blei Todhunter professor i engelsk litteratur ved Alexandra College i Dublin. Fire år seinare sa han opp med denne stillinga og drog til Egypt og fleire stadar i Europa. Han gifta seg med Dora L. Digby i 1879. I 1881 slo han seg til slutt ned i London, der huset hans i Bedford Park i Chiswick, låg i eit lite samfunn av skribentar og kunstnarar, mellom anna W.B. Yeats. Han var med på å grunnleggja Irish Literary Society der.

Tragedien hans The Black Cat fekk berre ein framsyning, den 8. desember 1893 på Opera Comique. Oppføringa var ved Independent Theatre Society, ein privat klubb som var blitt oppretta for å førebygga sensur frå Lord Chamberlain's Office.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Laurella and Other Poems (1876)
  • Alcestis: A Dramatic Poem (1878)
  • The True Tragedy of Rienzi; Tribune of Rome (1881)
  • Forest Songs & Other Poems (1881)
  • The Banshee and Other Poems (1888)
  • How Dreams Come True (1890)
  • The Poison Flower (1891)
  • The Legend of Stauffenberg (1890)
  • The Irish Bardic Tales (1896)
  • Sounds and Sweet Airs (1904)
  • An Irish Love song
  • The Black Knight

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

  • Helena in Troas (1886)
  • A Sicilian Idyll (1890)
  • The Black Cat (1893)
  • A Comedy of Sighs (1894)

Prosa[endre | endre wikiteksten]

Omsetjing frå tysk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bootham School Register. York, England: Bootham Old Scholars Association. 2011. 
  2. Ward, Adolphus William; Waller, Alfred Rayney, red. (1907–1921). «University Journalism : Scottish and Irish University Journals». The Cambridge History of English and American Literature 14. Henta 20. mars 2022.  Todhunter's poem "Louise" was again published in Echoes from Kottabos (edited by Robert Yelverton Tyrrell and Sir Edward Sullivan, 2nd Baron, 1906), p. 4-5.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]