John Wallis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Wallis
John Wallis by Sir Godfrey Kneller, Bt.jpg
Fødd23. november 1616
Ashford i Kent
Død28. oktober 1703
Oxford
NasjonalitetKongeriket England
Områdematematikk
Yrkematematikar, matematikkhistorikar, filosof, musikkforskar, musikkteoretikar, cryptologist, universitetslærar, arkivar
InstitusjonarUniversity of Oxford
Alma materEmmanuel College
Felsted School
University of Cambridge
BarnAnne Blencowe, John Wallis
MedlemRoyal Society

John Wallis (23. november 161628. oktober 1703) var ein engelsk matematikar og teolog. Han var ein av grunnleggarane av the Royal Society.

Opera mathematica, 1699

Han var professor i matematikk i Oxford frå 1649 og seinare hoffprest hos Karl II av England. Dei matematiske arbeida hans medverka til å skape grunnlaget for differensialrekninga. I hans Arithmetica infinitorum frå 1655, studerer han uendelege rekkjer og gjev her sitt kjende uttrykk for talet π som eit uendeleg produkt. Av dei andre matematiske arbeida hans finn ein Mathesis universalis frå 1657 og Treatise on Algebra frå 1685, der han utvidar det algebraiske teiknspråket, innfører negative eksponentar og eit spesielt teikn for uendeleg.

Asteoriden 31982 Johnwallis er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]