Karl II av England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl II av England
Charles II of England.png
Regjeringstid29. mai 1660-6. februar 1685
Fullt namnCharles II
Fødd29. mai 1630
FødestadLondon
Død6. februar 1685
DødsstadLondon
GravstadWestminster Abbey
FøregangarKarl I av England
EtterfølgjarJakob II/VII
Gift medKatarina av Braganza
DynastiHuset Stuart
FarKarl I av England
MorHenrietta Maria av Frankrike
BornCharles Lennox, 1. hertug av Richmond og Lennox, George FitzRoy, 1. hertug av Northumberland, James Scott, 1. hertug av Monmouth, Anne Lennard, grevinne av Sussex, Charles FitzRoy, 2. hertugen av Cleveland, Henry FitzRoy, 1. hertug av Grafton, Charlotte Lee, grevinne av Lichfield, Charles Beauclerk, 1. hertug av St Albans, Charles FitzCharles, Mary Tudor, Barbara FitzRoy, Charlotte Jemima FitzRoy, Catherine FitzCharles, James de Carteret, Mary Stuart, Catherine FitzCharles, Lady Anne Palmer, Cecelia FitzRoy, unnamed child1 Stuart, stillborn child2 Stuart, stillborn child3 Stuart, James Beauclerk, Lord Beauclerk

Karl II (Charles II, (29. mai 16306. februar 1685) var konge av England, Skottland og Irland frå 29. mai 1660 til han døydde.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Karl var eldste son til den i 1649 halshogde kongen, Karl I. Under den framhaldande borgarkrigen hevda han kongsmakt. Etter slaget ved Worcester 3. september 1651, der kongshæren tapte for parlamentshæren og Oliver Cromwell, rømde Karl til det europeiske fastlandet. I tida 1651-60 heldt han til i så vel Frankrike, som Dei sameinte nederlanda og dei sørlege Nederlanda.

Richard Cromwell i 1660 gav opp å styre riket, byrja generalen George Monck å forlike dei ulike maktgrupperingane i England. Etter forhandlingar med det såkalla lange parlamentet og løynd kontakt med Karl, vart Karl den 1. mai 1660 kalla tilbake til trona. Dermed var kongedømmet gjenoppretta (restaurert). På 30-årsdagen sin reid Karl inn i London.

Til liks med faren var Karl tilhengar av eineveldet, men bøygde lettare unna press frå Parlamentet. I 1672 erklærde han fridom for katolikkar og protestantiske dissentarar i religiøse spørsmål. Dette førte til strid med Parlamentet, som gjennom ei lov av 1673 tvinga Karl til å stengje katolikkar ute frå militæret og embetsverket. Bror hans vart då avsett som riksadmiral.

Utanriks styrkte Karl England si stilling som kolonimakt. Den franskvennlege utanrikspolitikken møtte motbør i riket, og førte i 1665 England ut i ein to år lang krig med Nederland. År 1670 gjekk Karl og den franske kongen Ludvig 14 saman i ein allianse.

Striden med Parlamentet tok på ny fyr i samband med Habeas Corpus Act av 1679. Sterke krefter i underhuset arbeidde for å hindre at kongsbroren Jakob skulle kunne ta styringa i kongedømet. Karl hadde minst 14 barn, men ingen legitim arving med dronninga, Katarina frå Bragança. Broren Jakob, som hadde vorte katolikk, var derfor tronarving. Då Parlamentet ville stengje Jakob ut frå tronfylgja, løyste Karl i 1681 opp Parlamentet og styrte eineveldig til han døydde. På dødsleiet konverterte Karl til katolisismen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karl II av England