Johnny Angel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johnny Angel
Singel av Shelley Fabares
frå albumet Shelley!
B-side «Where's It Gonna Get Me»
Utgjeve Februar 1962
Innspelt 1962
Sjanger Pop
Lengd 2:19
Selskap Colpix
Låtskrivar(ar) Lyn Duddy and Lee Pockriss
Produsent Stu Phillips
Shelley Fabares-kronologi
Johnny Angel «What Did They Do Before Rock 'n' Roll»
(1962)


«Johnny Angel» var ein song av Shelley Fabares, gjeven ut som debutsingelen hennar i 1962 på Colpix.[1] Songen vart òg gjeven ut på albumet Shelley!, som var produsert og arrangert av Stu Phillips. «Johnny Angel» var skriven av Lyn Duddy og Lee Pockriss.

«Johnny Angel» nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA den 7. april 1962, og låg 15 veker inne på lista.[2] Han gjekk òg til topps i Canada og New Zealand, medan han i Storbritannia nådde 41. plass på singellista.[3] Singelen selde til gullplate for ein million selde eksemplar.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Johnny Angel» - 2:19
  2. «Where's It Gonna Get Me» - 2:08

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1962) Plassering

position

U.S. Billboard Hot 100 1[2]
UK Singles Chart 41[3]
Canadian Singles Chart 1[5]
New Zealand 1[5]
U.S. Cashbox Top 100 1

Patti Lynn-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Johnny Angel
Singel av Patti Lynn
B-side «Tonight You Belong To Me»
Utgjeve Mars 1962
Innspelt 1962
Sjanger Pop
Lengd 2:16
Selskap Fontana
Låtskrivar(ar) Lyn Duddy and Lee Pockriss
Produsent Harry Robinson
Patti Lynn-kronologi
Johnny Angel «Tell Me, Telstar»
(1962)


Den britiske songaren Patti Lynn gav ut ein versjon av «Johnny Angel» for Fontana Records i mars 1962. Han vart produsert av Harry Robinson.[6] Hennar versjon nådde 37. plassen på UK Singles Chart i mai 1962.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Johnny Angel» - 2:16
  2. «Tonight You Belong To Me» - 2:12

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1962) Plassering

position

UK Singles Chart 37[7]

The Carpenters-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Johnny Angel
Song av The Carpenters
frå albumet Now & Then
Utgjeve 16. mai 1973
Innspelt 1973
Sjanger Pop
Lengd 1:30
Selskap A&M
Låtskrivar(ar) Lyn Duddy og Lee Pockriss
Produsent Richard og Karen Carpenter

The Carpenters hadde med «Johnny Angel» på det femte studioalbumet deira, Now & Then i mai 1973. Songen vart produsert av Richard og Karen Carpenter og var ein del av ein medley av songar som utgjorde B-sida på albumet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (1996). The Billboard Book of Top 40 Hits (6th utg.). New York: Watson-Guptill Publications. s. 212. ISBN 0-8230-7632-6. 
  2. 2,0 2,1 Shelley Fabares | AllMusic
  3. 3,0 3,1 Chart Stats - Shelley Fabares - Johnny Angel
  4. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 145. ISBN 0-214-20512-6. 
  5. 5,0 5,1 Songs from the Year 1962
  6. Patti Lynn - Johnny Angel (Vinyl) at Discogs
  7. Chart Stats - Patti Lynn - Johnny Angel

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]