MetroLyrics

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
MetroLyrics
Skipa30. desember 2002; 16 år sidan (2002-12-30)[1]
EigarCBS Interactive
ProduktSongtekstar
LandCanada
Tilsette10+[2]
NettstadMetroLyrics.com

MetroLyrics er ein nettstad for songtekstar skipa i desember 2002. Databasen til MetroLyrics inneheld over 1 millionar songar framført av over 16 000 artistar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

MetroLyrics blei skipa av bosnisk-canadiske Milun Tesovic, som laga nettstaden då han var 15, og Alan Juristovski, ein ven av familien.[2] Han var den første songtekst-nettstaden til å ta i bruk lisens-katalogen til Gracenote Inc. i april 2008.[3] Gjennom denne katalogen får opprettshavarane til tekstane betalt når verket deira blir vist fram på MetroLyrics.com. Nettstaden sjølv tener pengar på reklame. Lisensordninga gjorde at MetroLyrics skilde seg ut frå mange andre nettstader som tilbyr songtekstar utan å betala lisens, og dermed kan seiast å bryta opphavsretten.[4]

I januar 2013 kjøpte LyricFind lisensverksemda til Gracenote og slo henne saman med si eiga.[5] MetroLyrics blei kjøpt opp av CBS Interactive i oktober 2011.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]