Jon Jonsson Harildstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Jon Jonsson Harildstad
Fødd 11. mars 1804
Østre Gausdal
Død

31. desember 1884

Jon Jonsson Harildstad (11. mars 180431. desember 1884) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Østre Gausdal i Oppland.

Han var son til ein gardbrukar på Vålen i Østre Gausdal. Sjølv var han gardbrukar på Harildstad i bygda Nord-Fron frå 1832 til 1866. I 1837 kom han med i det fyrste heradsstyret, der han var ordførar i mange år.

Harildstad var valmann frå 1835 til 1866. Han vart sjølv vald til stortingsmann 1845-54 og 1862-66. På alle tingsamlingane var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, frå 1851 var han også medlem av Lagtinget.

Han døydde på garden sin i 1884.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]