Lagtinget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For det færøyske lagtinget, sjå Lagtinget på Færøyane. Sjå òg Lagtinget på Åland.
Lagtingssalen på Stortnget. Lagtinget vart avvikla i 2009.

Lagtinget var det eine av to kammer som det norske Stortinget vart delt i under handsaming av lovframlegg fram til 1. oktober 2009. I tillegg var det Lagtinget som saman med Høgsterett sine domarar dømde i riksrettssaker (Grl. § 86). Lagtinget vart utgjort av ein firedel (42) av Stortinget sine 169 representantar (Grunnlova § 73).

Lagtingets si handsaming av lovsaker gjekk føre seg i ein eigen lagtingssal.

Den 20. februar 2007 vedtok Stortinget å oppheva ordninga med Odelsting og Lagting. I staden skal alle saker handsamast av eit samla Storting. Endringene vart verksame den 1. oktober 2009. Samstundes opphøyrde Lagtinget si rolle i riksretten. I staden skal Stortinget velja ut lekdomarar til riksretten, i tillegg til fem høgsterettsdomarar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]